Foto: Fredrik Eriksen

Høre stavkyrkje har basilika-form, det vil seie at midtskipet er høgare enn sideskipa. Over taket er det ein takryttar med spist spir.

På 1800-talet vart kyrkja sterkt ombygd, og fekk blant anna nytt kor og utvida skip. Men den opphavlege konstruksjonen av skipet frå 1100-talet er bevart som eit skjelett innanfor kledningen. Stavkonstruksjonane i skipet viser tydeleg den opphavlege storleiken på kyrkjerommet.

Den nyare veggpanelet i kyrkjerommet er umåla, det same er tak og benker, og dei flotte utskjeringane kjem tydeleg fram i rommet. Korskiljet og preikestolen er derimot måla og rikt dekorerte. Korskiljet, som har innskrifta ”Frygter Gud og Kongen ærer”, er frå 1828, men har òg delar frå middelalderen. Dei to middelalderske portalane har utskorne dyrehovud med rankar som veks ut av hovuda, og bladverk og greiner.

Altertavla, som er skoren og måla av Tomas Tomasson Tørstad i 1800, er ramma inn av utskorne blomster og lauvverk, med Kristus på krossen flankert av Moses og Aron. Preikestolen er antakeleg også laga av same kunstnar. Bortsett frå eit røykelseskar, finst ikkje meir av det opphavlege middelalderinventaret i kyrkja.

Opningstider
18.06.2022 – 14.08.2022
Kyrkja er open frå 11:00 til 17:00 onsdag-lørdag. Open kyrkje med omvising.

Kontakt
Guro Hovda
41265178
post.vangivaldres@kirken.no

Marianne Straum
91876235
post.vangivaldres@kirken.no


Kart

Siste nyheter fra Høre stavkyrkje

Nothing found.