Kontakt oss

Ta direkte kontakt med kyrkja

Om du har spørsmål eller andre henvendelser, ta direkte kontakt med den einskilde stavkyrkja. Velg kyrkje fra rullgardinen i skjemaet og fyll ut. 

Full kontaktinformasjon finn du på den einskilde si kyrkjeside her på stavechurch.com.

    Stavechurch.com og våre gode samarbeidspartnarar

    Nettsida er laga på initiativ av Stavkyrkjeeigarforum, i samarbeid med Fortidsminneforeningen. Gjennom www.stavechurch.com vil vi synliggjere og formidle informasjon om alle 28 stavkirkene frå mellomalderen i Norge.

    Årleg er det ca 500.000 menneske som besøker stavkyrkjene, samstundes som satsinga på turisme og reiseliv ser ut til å auka markant framover. Dette er ei stor utfordring for oss som eig desse særmerkte, historiske minnesmerka! Me ynskjer at alle skal få sjå og oppleva dei, men det må skje på bærekraftig vis. Difor er det viktig å synleggjere alle, og dermed medverke til at besøket mellom stavkyrkjene blir litt betre fordelt enn i dag.

    Stavkyrkjeeigarforum arbeider for å sikre stavkyrkjearven for framtida. Eigarane av dei 28 stavkyrkjene er:

    • Fortidsminneforeningen eig 8 stavkyrkjer, og er ei frivilling forening for kulturminne- og bygningsvern, skipa i 1844.
    • Den norske Kyrkja eig 17 stavkirker, gjennom kyrkjelege fellesråd i 15 kommuner, dei fleste i aktiv bruk som meinigheitskyrkjer.
    • Dei offentlege folkemusea Norsk folkemuseum, Maihaugen og Sverresborg eig 3 stavkyrkjer.

    Riksantikvaren, Den norske Kyrja og KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter er viktige samarbeidspartnere for stavkyrkjeeigarane, når det gjeld forvaltning, kompetanse og økonomi.


    Kontaktpersoner, Stavechurch.com

    Øyvor Sekkelsten
    Styreleiar, Stavkyrkjeeigarforum
    +47 476 63 292
    os543@kirken.no

    Styreleiaren for Stavkyrkjeeigarforum er òg kyrkjeverje i Rollag, og har mellom anna ansvaret for forvaltinga av Rollag stavkyrkje. Ho er oppteken av å synleggjera kor godt stavkyrkjene våre formidlar kulturarven og historia. Samstundes ser ho det som avgjerande og naudsynt å ta vare på stavkyrkjene som dei kulturskattane dei er – dét meiner ho at me gjer best i lag.

     

    Ole Christian Torkildsen

    Sekretær i Stavkyrkjeeigarform
    Spesialrådgiver/arkitekt i Hovedorganisasjonen KA
    +47 97190690
    ole.christian.torkildsen@ka.no

    Han arbeider til daglig i Hovedorganisasjonen KA, avdeling for kirkebygg og gravplass, og har faglig bakgrunn som arkitekt med spesialkompetanse på bygningsvern.

    I tillegg er han også sekretær for Stavkyrkjeeigaforum.

    Stavechurch.no legger vekt på at all informasjon på våre web-sider skal være så korrekt som mulig. Vi påtar oss likevel ikke noe ansvar for feil, utelatelser eller unøyaktigheter i den informasjonen som finnes tilgjengelig, og dekker ikke kostnader eller tap som måtte oppstå som følge av dette.


    Nyheter

    2021-sesongen ved Kvernes stavkyrkje

    Det er laga eit omfattande program ved Kvernes stavkyrkje  i 2021-sesongen.

    Velkomen til stavkyrkjene i sommar!

    No som korona-situasjonen sakte betrar seg vil mange av stavkyrkjene opne i sommar.

    Ny stavkyrkjeforsking gjer Kvernes stavkyrkje 300 år yngre…!

    Ny stavkyrkjeforsking gjer Kvernes stavkyrkje 300 år yngre. Kunsthistorikar og stavkyrkjeforskar Linn Willetts Borgen ved Universitetet i Oslo har i sitt doktorgradsarbeid funne at Kvernes stavkyrkje mest sannsynleg er bygd etappevis i åra 1631-33. Ein har tidlegare meint at denne stavkyrkja truleg vart oppført kring år 1300.


    Norges stavkirker

    Stavkyrkjene – Noreg sitt bidrag til verdsarkitekturen

    Stavkyrkjer vart bygd i tre og hadde si utbreiing over dei nordlege delane av det europeiske kontinent, inkludert Skandinavia.

    Men det er altso nesten berre i karrige Norge at desse særmerkte bygningane har overlevd heilt frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Stavkyrkjene er dermed ein særskilt verdfull del av bygningsarven vår, og er dermed vorte vårt viktigaste bidrag til verdsarkitekturen. Alt i 1979 vart Urnes stavkyrkje skrive inn på UNESCO si verdsarvliste, som den einaste stavkyrkja. Den får dermed representere både seg sjølv, men òg alle dei andre attverande mellomalderstavkyrkjene. Dei er eksempel på det fremste handverket vi har i landet når det gjeld konstruksjon, materialvalg, dekor og inventar.

    Men til og med i dette landet har reduksjonen i talet på stavkyrkjer vore dramatisk. Totalt sto det omlag 1.000 stavkyrkjer i Noreg før Svartedauden råka landet i år 1350. Det kan ha vore reist over 2.000 — om ikke fleire — før reformasjonen i 1537.

    I dag står berre 28 att. Dei er følgjeleg viktige kulturbærarar og historieforteljarar. Dei representerer nesten 1.000 år norsk historie. Framleis er dei òg kjelde til ny kunnskap om vår felles fortid. Besøk våre stavkyrkjer, men med respekt og varsemd. Me ynskjer å bringe dei vidare til stadig nye generasjonar menneske, i god stand.

    Instagram

    This error message is only visible to WordPress admins
    Error: There are no business accounts connected.