Stavkyrkjer vart bygde av tre og var ein gong utbreidde over dei nordlege delane av det europeiske kontinentet, inkludert Skandinavia. Likevel er det nesten berre i det vêrharde Noreg at desse særmerka bygningane har overlevd frå mellomalderen til i dag. Sjølv her har reduksjonen i talet på dei vore dramatisk.
Ei stavkyrkje i kvar grend…
Stavkyrkjer vart bygde over ein periode på rundt 200 år, frå første halvdel av 1100-talet og fram til svartedauden ramma landet i 1349. Meir enn tusen bygdesamfunn, kanskje enno fleire, hadde ei stavkyrkje på den tida. I dag står berre 28 att i landet vårt. Dei fleste har vorte ombygde eller utvida, og mange liknar ikkje lenger på det vi tenkjer på som ei «stavkyrkje». I nokre tilfelle er det berre sjølve stavkonstruksjonen og nokre få andre element som står att frå den opphavlege mellomalderbygningen. Blant stavkyrkjene som har overlevd hundreåra med minst endringar, er Borgund stavkyrkje. Kyrkjene som framleis står, finst ofte i små bygdesamfunn som ikkje hadde råd til å byggje nye.

Frå rikdom til forfall
Stavkyrkjene vart bygde i katolsk tid. Då den protestantiske kyrkjeordenen vart innført i 1537, vart innreiinga i kyrkjene mykje endra. Sidealtar og helgenfigurar vart fjerna. Det kom til preikestol og sitjebenker, og etter kvart vindauge. Men mange stavkyrkjer var no i forfall. Etter Svartedauden i 1349 var det ikkje lenger folk og pengar til vedlikehald. Då folketalet hadde teke seg opp att 200 år seinare, vart det bygt tømmerkyrkjer. I 1650 stod berre 240 att av dei opphavleg over 1.000 stavkyrkjene att. To hundre år seinare var det berre 60 att. Den nye kyrkjelova av 1851, som sette krav til kor mange av soknet sine innbyggjarar som kyrkjeromma skulle romme, gav nærast klarsignal å riva gamle kyrkjer.
28 stavkyrkjer att i Norge…
I 2018 er det att 28 stavkyrkjer i Norge, og det er desse du finn mykje informasjon om på www.stavechurch.com.
Fantoft stavkyrkje (Fortun stavkyrkje frå heilt inst i Sogn) i Bergen var den siste som gjekk tapt, ho mista me i ein påsett brann i 1992.





