Stavkyrkjer vart bygd i tre og hadde si utbreiing over dei nordlege delane av det europeiske kontinent, inkludert Skandinavia. Men det er altso nesten berre i karrige Norge at desse særmerkte bygningane har overlevd heilt frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Men til og med i dette landet har reduksjonen i talet på stavkyrkjer vore dramatisk.

Ei stavkyrkje i kvar ei bygd…

Det vart bygt stavkyrkjer i ei tidsperiode på 200 år, frå første halvdelen av 1100-talet og fram til då Svartedauden lamma landet i 1349. Meir enn tusen bygdesamfunn, kanskje fleire, hadde då ei stavkyrkje. I dag står berre 28 att i vårt land. Dei fleste er om- og påbygde, og mange ser ikkje lenger ut som ei «stavkyrkje». Det kan vere at berre stavkonstruksjonen og heller få andre delar av dei kjem frå den opphavlege mellomalderkyrkja. Blant dei stavkyrkjene som har overlevt hundreåra best, utan større endringar, er stavkyrkja på Borgund. Kyrkjene som framleis står, ligg ofte i små bygdesamfunn som ikkje hadde råd til å byggja nytt.

Frå rikdom til forfall

Stavkyrkjene vart bygde i katolsk tid. Då den protestantiske kyrkjeordenen vart innført i 1537, vart innreiinga i kyrkjene mykje endra. Sidealtar og helgenfigurar vart fjerna. Det kom til preikestol og sitjebenker, og etter kvart vindauge. Men mange stavkyrkjer var no i forfall. Etter Svartedauden i 1349 var det ikkje lenger folk og pengar til vedlikehald. Då folketalet hadde teke seg opp att 200 år seinare, vart det bygt tømmerkyrkjer. I 1650 stod berre 240 att av dei opphavleg over 1.000 stavkyrkjene att. To hundre år seinare var det berre 60 att. Den nye kyrkjelova av 1851, som sette krav til kor mange av soknet sine innbyggjarar som kyrkjeromma skulle romme, gav nærast klarsignal å riva gamle kyrkjer.

28 stavkyrkjer att i Norge…

I 2018 er det att 28 stavkyrkjer i Norge, og det er desse du finn mykje informasjon om på www.stavechurch.com.
Fantoft stavkyrkje (Fortun stavkyrkje frå heilt inst i Sogn) i Bergen var den siste som gjekk tapt, ho mista me i ein påsett brann i 1992.