Urnes stavkyrkje vart bygd i 1130-åra. Kyrkja står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie, og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene, og eit eksempel på svært godt handverk og særdeles fin treskurd.

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn, i ein storslagen natur. Ornamentikken i kyrkja er svært interessant, og kan tidfestast til 1050-1100, noko som tyder på at mykje stammar frå ei tidlegare kyrkje.

Den særmerkte urnesstilen har sitt namn frå Urnes stavkyrkje. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjæringar av svært høg kvalitet.

Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen.

Urnes

Sesong:
2. mai – 30. september 2018 (stengt 17.mai)

Opningstider:
Kl. 10.30-17.45

Tinging av omvising for grupper:
tlf. 57 68 39 56 (eller 57 67 88 40)
e-post: urnes@stavechurch.com

Prisar
Vaksen kr 90
Gruppe (min. 15), pensjonist kr 80
Student/born over 5 år kr 70
Familie kr 220
Infos

Eit smykkeskrin!

Så langt attende som rundt 1030 kan farande folk på Lusterfjorden ha sett opp mot ei kyrkje på Ornes: «neset som kjem ut or fjellet».

Gøymt i grunnen under dagens kyrkje finn me nemleg spor etter ei mindre stavkyrkje, som truleg vart reist i første halvdelen av 1000-talet. Kyrkja vart bygd slik at dei berande stolpane stod rett ned i bakken, noko som gjorde at dei tok til å rotna etter kort tid. I andre halvdelen av tusenåret vart kyrkja riven, og det vart reist ei ny kyrkje på same staden. I første halvdelen på 1100-talet vart også denne kyrkja riven, og ei tredje kyrkje, den me ser i dag, kom opp. No kviler kyrkja på ei ramme av treverk, heva frå grunnen på steinfundament, noko som har sikra bygningen eit langt liv. Prøver frå botnsvill og søyler syner at tømmeret vart hogge i åra 1129 til 1131.

Den kyrkja som vart riven, må ha vore praktfull. Det ser me på dei bygningsdelane som vart tekne vare på og brukte opp att, som portalen i nordveggen, dei utskorne veggplankane og den rikt dekorerte hjørnestolpen.Treskjerarane har vore uvanleg dyktige, og motiva deira og måten dei har utført motiva på, har gjeve namn til Urnes-stilen. Me finn dei att på svenske runesteinar frå 1000-talet og på steinarbeid frå andre land som vikingane hadde kontakt med, som Irland.

Urnes stavkyrkje er synleg på lang avstand for alle som kjem sjøvegen, og det gjorde dei fleste i eldre tid. I mellomalderen var storgarden som låg her, eit høvdingsete, strategisk plassert med oversikt over Lusterfjorden, landet midt i mot og hovudleia langs kysten. Urnes-ætta åtte mange gardar som gav store inntekter. Folket her hadde makt. Fram frå sogelitteraturen stig Gautr af Órnesi, herren til Urnes-godset, og sønene Jón og Munan, som var skipsførarar for Magnus Erlingsson. På deira tid var stavkyrkja ny og flittig brukt, i dag er ho eit særmerkt og løyndomsfullt minne frå mellomalderen. At det og i førkristen tid budde folk på Urnes, fortel funn heilt attende til steinalderen, i tillegg til tre gravhaugar nede ved fjorden, fleire røysar og ein bauta om lag 200 meter vest for kyrkja.

Byggjearbeida på Urnes kravde særleg dugande handverkarar, som med stor fagkunnskap gjorde om tømmeret til finsikta bygningsdelar, kanskje så mange som 2000 einingar. Dei store konstruksjonane, stavverket, vart sette saman til stive rammer nede på bakken. Rammene vart deretter heiste på plass. Ingen av dei andre stavkyrkjene som er tekne vare på, er så rikt utstyrte som Urnes. Dei utskorne stolpehovuda, kapitela, har tydelege førebilete i romanske steinkyrkjer. Kanskje kom det handverkarar heilt frå Trondheim, med røynsler frå steinhoggarmiljøet rundt Nidarosdomen.

Urnes Stavkyrkjes oppbygning

Dei som sette opp stavkyrkja, bygde på solide tradisjonar i å arbeida med tre. Vikingtida var slutt, men me var framleis eit farande folk. Handverkarane kombinerte tradisjonen med nye impulsar frå kyrkjebygg i utlandet.

Urnes stavkyrkje har ei omfattande bygningssoge, med bygningsdelar og innreiing som dekkjer tida frå andre halvdel av 1000-talet til bortimot 1800. Kyrkja har stått mot tidas tann fordi ho er oppsett på ei treramme som kviler på fundamentsteinar. Trematerialane kjem ikkje i kontakt med fuktig jord og held seg tørt. Den praktfulle portalen, dei utskorne veggplankane og hjørnestolpen på langsida mot nord har truleg vore brukte til hovudinngang og veggpynt på den andre kyrkja på tomta, den som vart riven omkring 1130. Kvar andre veggplanke kan ha vore dekorert på inngangsveggen mot vest. Kyrkja må verkeleg ha sett ut som eit smykkeskrin!

Tømmeret kan ha vorte tørka på rot for at tjøra skulle trekkja ut til overflata på stokken. Deretter vart det arbeidt ut til bygningsdelar. Ei stavkyrkje k

unne vera samansett av opptil 2000 einingar. Konstruksjonen  stavverket  vart sett saman til stive rammer nede på bakken og reist opp i ståande stilling med hjelp av lange stenger.

Oppbyggingen av Urnes Stavkirke

1. Stavar (stolpar) rammar inn det høge midtrommet og har gjeve kyrkjetypen namnet sitt. Forma på stolpehovuda (kapitela) er inspirert av ste in kyrkjer i samtida. Den rike dekoren held fram over kapitela og dannar ein fin overgang mellom dei runde stolpane og sperrene, som har plan overflate.
2. Dei runde bogane er forma med «kne», som er tekne frå treet der det naturleg veks i boge og er sterkast; på overgangen mellom stamme og rot.
3. Stavverket i ytterveggen: Ståande veggplankar sette inn i rammer med svill nedst, stavlægje øvst og berande stolpar.
4. Takryttaren (tårnet) frå 1702 ko m i staden for ein frå omkring 1680. Opphavleg hang kyrkjeklokkene i eit frittståande klokketårn, stopulen. I ein periode var taket tekt med tegl. Sponkledningen vart lagd først på 900 talet.
5. Rammeverket som kyrkja kviler på. Golvet i midtrommet er senka i høve til nivået i omgangane. Under golvet er det eit ope rom som før var gravplass. Dette vart forbode først på 1800-talet, mellom anna på grunn av den sterke likstanken. I grunnen er det funne stolpehol etter den første kyrkja.
6. Sponkledning, truleg komme til i mellomalderen. Då vart det og bygd open svalgang rundt heile kyrkja. Den vart teken bort ein gong etter 1720, med unntak av inngangssvalen. Opphavleg slapp lyset inn gjennom små, runde gluggar. I tida etter reformasjonen vart det sett inn vindauge. Då kyrkja vart restaurert omkring 1900, vart nokre vindauge tekne bort att. Lysopninga over inngangsdøra har kanskje alltid vore der.
7. Skråstivarar, innsette delvis i mellomalderen for å gje plass til ein alterbaldakin, eit ciboriealter. Alteret vart teke bort, og i 1662 kom Krokastolen, som kravde fleire inngrep og meir avstiving.
8. Ei figurgruppe frå 1100-talet, den eldste i landet, framstiller Golgatascena. Den lidande Kristus på krossen, Maria og Johannes som sørgjande tilskodarar.
9. Himlingen kom på slutten av 1600-talet. Før kunne ein sjå takkonstruksjonen, som minner om ein kvelvd båt, der takstolane tilsvarer spantane i båten.

Det heilage rommet i Urnes Stavkyrkje

Du ser

1. Inngangsdør med vakre smijernsbeslag.

Kart

Facebook
http://www.facebook.com/pages/Stabkirche-Urnes/112243568791130