Foto: Dagfinn Rasmussen

Urnes stavkyrkje er både den eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene som er tekne vare på i Noreg.

Kyrkja er datert til byrjinga av 1130-talet, men nokre av materialane er brukte om att og stammar frå ei tidlegare kyrkje på staden. Det gjeld all utvendige treskurd, nesten alle veggplankar og to grunnstokkar. Ho vart bygd i 1070-åra. Før det stod det 2 jordgravne kyrkjer her. Den første var bygd omlag 950. Den nåverande kyrkja er såleis den fjerde på same staden. I 1979 kom Urnes stavkyrkje på verdsarvlista til UNESCO. Fortidsminneforeininga overtok kyrkja i 1881.

Kyrkja består av skip og kor med opphøgd midtrom. Framom inngangen er det open svalgang og på taket over skipet i vest, sit ein firkanta takryttar med åttekanta tårnhjelm. Dei berande stolpane kallar vi stavar, og det er denne konstruksjonen med stavar feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som er opphavet til nemninga stavkyrkje. Stavane i Urnes har rikt dekorerte terningkapitél eller søylehovud. Nordportalen er særleg eineståande og kjem frå den tidlegare kyrkja på staden. Portalen har rikt dekorerte vanger, med dyreornament i treskurd, som har gjeve namnet til det som blir kalla urnesstilen.

Også inventaret er rikt. Den romanske kalvariegruppa, som heng på veggen mot koret, er frå omlag 1150. Altertavla er laga i 1699. Lysestaken forma som vikingskip på altaret, bispestolen i koret og døypefontloket på sørveggen, er alle frå 1100-talet. To Limoges-stakar frå omlag 1200, som høyrer til det opphavlege alterutstyret, blir ikkje lenger oppbevart i kyrkja.

Opningstider

Sesong 2023: 2. mai – 30. september
Open alle dagar: kl 10:30 til 17:45

Kontakt

41394821
urnes@stavechurch.com


Kart

Siste nyhende frå Urnes stavkyrkje