Foto: Fredrik Eriksen

Ein går ut frå at Undredal kyrkje vart bygd i 1147. Ho er ei lita kyrkje med rektangulært skip og kvadratisk kor.

Kyrkjetårnet reiser seg over fire stolpar i vestre del av skipet. Opphavleg var dette ein frittståande støpul utanfor kyrkjerommet, men skipet vart på 1600-talet forlenga mot vest og klokketårnets underbygning integrert i rommet. Koret, som også er ei seinare tilbygging, er i same breidd som skipet, men med lågare tak. Over både kor og skip er det kvelva himling.

Dei fire stolpane i skipets yttervegger markerer den opphavlege storleiken på kyrkja, og det er denne berande konstruksjonen, med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som viser at dette er ei stavkyrkje. På hjørnestolpane og langveggene ser ein 6 krossar. Det har vore 12 som representerar dei 12 apostlane, og desse vart rissa inn ved vigsling av kyrkja.

Bortsett frå ei mellomaldersk kyrkjeklokke, er alt inventar og utsmykking frå etter reformasjonen. Den fargerike veggdekoren, med draperi og blomsterbukettar, er frå 1600-talet. I himlingen er det måla stjernehimmel og englar. Dekorasjonane vart avdekte i 1962, etter å ha vore måla over sidan 1860-åra. Preikestolen i renessansestil er frå 1696. Lysekruna er laga i Augsburg i Sør Tyskland mellom 1650 og 1750, og ho kom til Undredal tidleg på 1800-talet. Denne er utsmykka med Fru Fortuna – ei romersk gudinne for lukka. Av anna inventar kan ein nemne dåpsfatet som er først nemnt i 1686 og brurebenken frå 1696.

Det unike med Undredal kyrkje, er at ho har vore – og framleis er – i kontinuerleg bruk, og soleis dokumenterar ei snart tusenårig religiøs og arkitektonisk utvikling

Kontakt for åpningstider og booking

epost: booking@exploreundredal.tours
Telefon: 94050696


Kart

Siste nyheter fra Undredal stavkyrkje

Nothing found.