Foto: Fredrik Eriksen

Reinli stavkyrkje er ei langskipa kyrkje med skip og kor i same breidda, med seks beresøyler og svalgang rundt heile kyrkja. Ho vart bygd omkring 1250-1300 og er truleg den tredje kyrkja på same staden.

Apsis er oppførd seinare i mellomalderen av Sira Thord. Grava hans er i svalgangen under den sør-austre døra. Lås og beslag på døra kan tidfestast tilbake til norrøn tid.

Døypefonten frå 1150 er i kleberstein, har truleg høyrt til i den førre kyrkja, som brann ned.
Kyrkja har 12 innviingskrossar frå mellomalderen, ho er den einaste kyrkja i landet som har teke vare på alle tolv.
Altertavla, var laga som helgenskap rundt 1300, har måleri av nyare dato, måla av Siwerts i 1923. Hovudmotivet er Kristi himmelfart, omkransa av Moses med boda, Jesu bergpreike, Aron med paktas ark og Jesu krossfesting, den nye pakt.

Renessanse-preikestolen er frå år 1700. Krusifikset vart skore på 1600-talet etter inspirasjon frå mellomalderen.

Orgelet er norsk, frå 1808. Belgen må dragas opp med handkraft, og både belgdragar og organist må driste seg opp bratte trappetrinn for å finne plassane sine oppunder takkvelvingen.

I sørveggen er det ei lita luke. Dette kan ha vore eit lepratorium, eit innsyn til det heilage, der ein kunne sjå alteret og koret når kyrkja var lukka eller ein av andre årsaker ikkje hadde tilgang.

Rundt 1880 var det utført omfattande restaureringsarbeid på kyrkja. Ho fekk takstein i staden for trespon og nytt golv. Det vart sett opp galleri og laga nye benker, og dessutan alterring. Vindauga vart sette inn i 1850.

Kyrkja var siste gongen restaurert i åra 1970-73. Ho vart grundig undersøkt og så langt det lot seg gjera, førd tilbake til slik ho såg ut i mellomalderen.

Åpningstider
Peioden 19.06.2022 – 14.08.2022
Kirken er åpen fra 11:00 til 17:00 hver mandag, tirsdag, torsdag, fredag, lørdag og søndag.

Kontakt
Kirkeverge
41674669
post.sor-aurdal@kirken.no

Kirketjener
90546827


Kart

Siste nyheter fra Reinli stavkyrkje

Nothing found.