Foto: Fredrik Eriksen
Øye stavkyrkje vart riven i 1747, då bygda fekk ny tømmerkyrkje. I 1935 vart det funne så mange som 156 delar frå den gamle stavkyrkja under golvet i tømmerkyrkja, og desse delane vart utgangspunkt for ein rekonstruksjon av den gamle stavkyrkja i 1953-65.
Stavkyrkja er utvendig rektangulær med bratte sponkledde tak. Koret i aust er smalare og lægre enn skipet, og rundt heile kyrkja går det svalgangar. Dei to utskorne portalane som står i kyrkja i dag er kopiar, mens originalane frå middelalderen er på museum.
Interiøret er enkelt med bart treverk. Golvborda er originale, men mykje av det resterande bygningsmaterialet er kopiar og rekonstruksjonar av den gamle kyrkja. Av inventar frå middelalderen heng det eit seinare overmåla krusifiks i koret. Ein måla alterfrontale, det vil seie eit alterfrontstykke med bildemotiv, er bevart på museum. Døypefonten frå middelalderen, som kom frå St.Tomaskyrkja på Filefjell då ho vart riven i 1808, er skore i eitt emne. Lokket til døypefonten er òg bevart.
Åpningstider
Kontakt kirkelig fellesråd.Kontakt
GuroHovda
61 36 95 90
gh575@kirken.no
Kirkekontoret
61 36 95 90
post.vangivaldres@kirken.no
Fakta
Byggeår:1180
Kommune:Vang
Bispedømme:Hamar
Gateadresse:Øyevegen 135,2977ØYE
Omvisning: Nei
Servering: Nei
Tilgjengelighet
Parkering: Ja
HC-parkering: Ja
Toalett: Nei
HC-toalett:Nei
Rullestoladkomst:Nei, ikke adkomst
Rullestolplass:Ikke tilgjengelig
Kart
Lik oss på Facebook!
Siste nyheter fra Øye stavkyrkje
Nothing found.