Fortidsminneforeningen er ein landsomfattande organisasjon, basert på frivillige krefter. I kvart fylke er det minst minst ei forening. Formålet med foreninga er å ta vare på kulturminna i landet og auka interessa og forståinga for verdien av dei.
Foreningen til Norske Fortidsminnemerkers Bevaring vart stifta i 1844 av norske kunstnarar, som på studieturar i bygder og dalføre hadde vorte merksame på at deler av den norske kulturarven, som t.d. stavkyrkjene, var i sterkt forfall.
Stiftarane var inspirerte av kulturhistoriske interesseorganisasjonar i utlandet, og i spissen stod dei kjende målarane J. C. Dahl og Joachim Frich. Historikarar, kunsthistorikarar og arkeologar tok del i arbeidet heilt i frå starten. I regi av foreninga vart det føreteke oppmåling og registrering av eit stort antal stavkyrkjer i landet – i kapp med riving av svært mange av dei. Dette registreringsarbeidet utgjer fortsatt ein viktig del av stavkyrkjeforskinga.
Fortidsminneforeninga er i dag eigar av over 40 eigedommar. Dei aller fleste er freda og blir forvalta i den avdelinga dei tilhøyrer.
Foreninga mottek offentleg støtte frå Miljøverndepartementet. Medlemskontingent, billettsal ved eigedomane og sal av publikasjonar er andre inntektskjelder.
I Sogn og Fjordane forvaltar foreninga fem mellomalderkyrkjer. Det er dei fire stavkyrkjene Borgund, Hopperstad, Kaupanger og Urnes og steinkyrkja på Hove i Vik i Sogn. I tillegg har vi to lafta kyrkjer, Gaupne gamle kyrkje frå 1600-talet og Hestad kapell frå 1800-talet. Båe laftakyrkjene er delvis bygde på restane av ei stavkyrkje som har stått på plassen før.
Alle kyrkjene er opne for publikum i sommarsesongen.
