Foto: Lene Buskoven

Lom stavkyrkje er ei stor kyrkje, bygd omkring 1160. Veggflatene utvendig er tjærebredde, og vindauga er store og raudmåla. Middelalderportalar med utskjeringar av tre er heilt eller delvis bevart. Bærande konstruksjonar i bygningen: stavar, sviller og stavlegje er òg bevarte, men det meste av ytterveggane er utskifta.

På 1600-talet vart kyrkja utvida, og den har ikkje gjennomgått store endringar sidan. Kyrkja fekk takryttar og spir i 1634 og samtidig vart det bygd til korsarmar og sakristi. På 1660-talet vart skipet forlenga med eit lafta tilbygg i vest. Kyrkjegarden er omkransa av høge murar med inngang gjennom ein overbygd port på framsida og ein på baksida av kyrkja.

Kyrkja sitt interiør er lyst, med store vindaugsopningar. Skipet er utan måla dekor, mens koret er prega mykje av 1600-talet, som består av enkle geometriske former og ornament. Høgt oppe på gavlveggen er det måla to store løver med tjære. Det er óg skrive runar høgt oppe på veggen før korskile. Kyrkjebenkane er enkle og måla blå. Altertavla er frå 1669 og ramma vart endra i 1721 har to englar som vart festa til tavla i 1721. Preikestolen med utskjeringar av akantus bladdekor frå 1790-talet, er skoren av Jacob Sæterdalen, som òg laga korbogen på same tid. Midt i skipet heng ei utskåren og måla lysekrone i tre frå 1664. Det er 2 lysekroner i kvart av sideskipa av metall, den eine frå middelalder, den andre ein kopi. Elles er det ein utskjerd planke som no er festa til klokkarstolen som er frå middelalder.

Ved utgraving under kyrkjegolvet fyrst på 1970-talet var det største samla myntfunnet i Noreg gjort med heile 2245 myntar. Anna som vart funne er pilegrimsmerke frå Bari og papirfragment med bruddstykke av to messer som er tidfesta til 1100-talet og tekst og noter i ein pergamentrull som inneheld 16 vers av Thomas Becket -hymnen. Teksten eksisterer i 5 handskrivne eksemplar, og det eldste er frå Lomskyrkja. Under golvet var det òg funne 4 runepinnar det mest interessante har fått namnet «Friarbrevet» der ein kar ber om ei jente si hand.

Åpningstider

Perioden 01.06.2022 – 20.06.2022
Åpen fra 10:00 til 16:00 hver dag.

Perioden 21.06.2022 – 14.08.2022
Åpen fra 10:00 til 19:00 hver dag.

Perioden 15.08.2022 – 25.09.2022
Åpen fra 10:00 til 16:00 hver dag.

Kirken er stengt i forbindelse med sermonier.

Kontakt
Anne Kristin Stenersen
48165527
kyrkjeverje@lom.kommune.no

For booking av omvisninger for grupper i sesong
97075397
booking.lomstavechurch@lom.kommune.no


Kart

Siste nyheter fra Lom stavkyrkje

Nothing found.