Foto: Dagfinn Rasmussen

Kaupanger stavkyrkje er bygd ein gong på 1100-talet, etter at den tidlegare kyrkja på staden brann i 1130. Dateringa er sett til byggjeår mellom 1140 -1150.

Både skip og kor har heva midtrom, og på mønet over skipet sit ein takryttar omkransa av fire mindre spir. Kyrkja har utvendig kledning av liggjande supanel. Kaupanger blir rekna som ei av dei stavkyrkjene som er beste tekne vare på i Noreg. Det er funne spor av to tidlegare stolpekyrkjer på staden. Den berande stolpekonstruksjonen i desse kyrkjene var fundamentert rett i jorda, og rotna dermed lett.

Midtromma i skip og kor er borne oppe av til saman 22 stolpar, eller stavar. Kyrkjeskipet har åtte stavpar i midtrommets lengderetning, og er i dag rekna som den lengste av alle stavkyrkjene. Den er framleis i bruk som soknekyrkje, og er også den største av alle stavkyrkjene i Vestland fylke.

Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, festa i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. Opphavleg har det vore svalgang rundt kyrkja, men denne vart fjerna på 1600-talet. Då fekk kyrkja også nye vindauge og liggjande panel. Kyrkja vart sterkt «modernisert» i 1872: innsett fleire vindauge, innvendig ombygd og måla, utvendig panelt og kvitmåla. I 1959-65 blei inventar og eksteriør restaurert og ført tilbake, mest til 1600-talet.

Trass i store endringar, er det meste av den middelalderske konstruksjonen bevart. Kyrkja er framleis soknet si kyrkje og har vore i vanleg bruk som soknekyrkje gjennom alle år.

Opningstider

Sesong 2023: 15. juni – 15. august
Open alle dagar: kl 10:00 til 17:00
Alle grupper må reservere på førehand.

Kontakt

91357449
kaupanger@stavechurch.com


Kart

Siste nyheter fra Kaupanger stavkyrkje