Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og truleg ein av dei eldste i landet. Ho blir datert til slutten av 1100-talet. Kyrkja har namn etter garden Hove. Rike gravfunn frå romartida peikar ut Hove som eit tidleg hovdingsete i Vik, og historikarar meiner kyrkja kan vera bygd av ein framståande jordherre som ei privat gardskyrkje. Den eksisterande kyrkja kan vera etterfølgd av eit tidlegare gardskapell, men dette er svært usikkert.

Kyrkja er bygd i kvadermur med kvadratisk vesttårn, rektangulert skip og eit lågare rektangulært kor med apsis. Ho har vestportal i tårnfoten, sørportal vest i skipet og sørportal i koret. Dei vestlege delene av kyrkja har eit mindre presist murverk enn dei austlege. Skiljet samsvarar med avslutningen av sokkelprofilen, og må tolkast som ulike byggjetrinn og/eller skifte av handverkarar.

Då arkitekt Peter Andreas Blix leia restaureringa av Håkonshallen i Bergen på 1880-talet, fekk han tilbod om å kjøpa kleberstein frå ein byggmeister i Vik. Han fann seinare ut at det var Hove-kyrkja som skulle rivast. Kyrkja hadde vorte nedlagt i 1870. For å hindra riving enda det med at Blix kjøpte kyrkja og restaurerte ho for eigne midlar.

Blix arbeidde etter den rettesnora å føre kyrkja attende til sin opphavelege utsjånad. Han stilte strenge krav til den handverksmessige utføringa, og kleberstein til reparering av murane og komplettering av portalar og vindauge vart henta frå gamle klebersteinbrot på staden.

Inne i kyrkja fjerna Blix alt som ikkje var frå mellomalderen. Så bygde han vidare på utvalde dekorerte detaljar. Han fekk måla mellomaldermønster på veggene og vindauga fekk glasmåleri.

Då Blix døydde i 1901 vart han gravlagd under golvet i kyrkja.

Hove

Sesong:
25. juni–13. august 2017

Opningstid:
kl. 11.00–16.00

Tinging av omvising (kun grupper):
tlf. 57 69 66 93 (eller 57 67 88 40)
e-post:  hove@stavechurch.com

Prisar
Enkeltbillett kr 50
Gruppe (min. 15), honnør kr 40
Student/barn kr 40
Familie kr 150
Kart