Ei tid for kyrkjebygging
Gjennom heile mellomalderen var kyrkjeordninga katolsk. Bispane i Noreg høyrde inn under erkebispen i Bremen, til Norden fekk sitt eige erkebispesete i Lund i Sverige. I 1153 vart landet eigen kyrkjeprovins, med erkebispesete i Nidaros (Trondheim), og skulle frå då stå direkte under paven i Roma. I Nidaros kom nordlegaste katedralen i verda til å bli reist over grava til Heilag-Olav. Denne grava hadde alt vorte eit viktig vandringsmål for pilegrimar frå heile Nord-Europa. Andre valfarta til Nidaros for å takka og be, og kom attende og fortalde om store opplevingar. Fleire stader i landet vart det og bygde kloster, etter mønster frå England og Frankrike. Med klostera kom og fromheit inn som eit ideal
Frå 1100-talet og framover vart det reiste minst tusen stavkyrkjer i Sør-Noreg og om lag 270 steinkyrkjer. Men Svartedauden i 1349 arma landet ut, slik at det vart knapt bygd kyrkjer i landet på 200 år.
I eit land med så god tilgang på grovt tømmer var det naturleg at dei fleste kyrkjene vart bygde i tre. Også i andre europeiske land vart det bygt tilsvarande kyrkjer, men dei er ikkje tekne vare på. Handverkskvaliteten og den rike treskjerarkunsten finn me elles att i bygningsdelar og kunst frå andre kyrkjer får samtida. Det var slutt på vikingferdene, men nordmennene, som eit farande folk, henta heile tida førebilete frå framande kulturar og tilpassa dei til norsk stil og norsk lynne. Osebergskipet, som vart bygd 300 år før Urnes stavkyrkje, viser at båtbyggjarane alt så tidleg var meisterlege trehandverkarar. Me har ikkje bevart bustadhus frå før 1200, men husbyggjarane var sikkert like dugande. Sjølv om folk flest budde i enkle hus, kan gudehova og gildehallane til stormennene ha vore praktbygg. Utskjeringane på stavkyrkjeportalane, med motiv som løver og drakar, kan tolkast symbolsk ut frå kristne verdiar. Men det kan og tenkjast at tradisjonen og dei nye kristne førebileta levde side om side, og at dei verdslege praktbygga heldt fram som bygdekyrkjer, med nye tolkingar av gamle motiv.
Fra då til nå
Me kan tenkja oss at stavkyrkja stod nokså uendra i katolsk tid. Men i 1537 kom reformasjonen. Det året rømde den siste katolske erkebispen, Olav Engelbrektsson, frå landet, og den lutherske læra kom til å rå grunnen. Det vart forbode å tilbe helgenar, noko som og førde til at den eldste kyrkjekunsten forsvann. Nytt inventar, som preikestol, altertavle og sitjebenker kom på plass. Etter kvart lærde fleire å lesa. Dei kravde betre lys, og det kom vindauge i kyrkja.
| VIKINGTID | |
| Ca. 830 | Osebergskipet blir bygd |
| Ca. 890 | Harald Hårfagre samlar Noreg |
| MELLOMALDEREN | |
| Katolsk kyrkje 1030-1537 | |
| 1030 | Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad. Han vart kjend heilag året etter. Vår evige konge, Heilag Olav, sette kristenretten, som avgjorde korleis du skulle leva som kristen |
| 1000-1050 | Urnes: den første kyrkja vart reist. |
| 1050 og 1100 | Hopperstad: restar under kyrkjegolvet etter ei kyrkje som var bygd i dette tidsrommet. Riven for å gje plass til kyrkja me ser i dag Kaupanger: Restar etter to kyrkjer som var bygde i dette tidsrommet. Densiste brann ned. |
| 1129-31 | Urnes: Tømmeret til dagens kyrkje vart hogge |
| 1108 | Som første europeiske konge drog Sigurd Jorsalfare på krosstog til Jerusalem |
| ca. 1140 | Hopperstad stavkyrkje vert reist |
| ca 1130-1190 | Kaupanger stavkyrkje vert reist |
| 1152 | Noreg vart eigen kyrkjeprovins under paven i Roma. Erkebispen tok sete i Nidaros, i dag Trondheim |
| 1180 | Borgund: tømmeret til stavkyrkja vart hogge |
| 1183 | Bondeopprør. Sogndøler og kaupingar drep kong Sverres sysselmann, Ivar Dape. Sverre hemner drapet året etter. |
| 1184 | Slaget ved Fimreite. Kong Magnus Erlingson i kamp med Sverre Sigurdson og birkebeinarane. Over 2000 av kongens menn fall i slaget. Hovdingsonen Munan Gautson av Ornesi deltok og er nemnd i soga. |
| 1263 | Magnus Håkonsson Lagabøte (lovmakar) vart konge. Han fullførte eit norsk lovverk |
| 1319 | Noreg og Sverige får felles konge, og unionstida tek til. |
| 1320 | Nidarosdomen i Trondheim vart innvigd, men brann alt åtte år seinare |
| 1320 | Borgund stavkyrkje blir nemnd første gongen i skrift |
| 1323 | Urnes er nemnd i skriftlege kjelder: Me les om presten på Urnes, Siri Ærlender a Ornesi |
| 1349 | Svartedauden, den smittsame byllepesten, kjem til landet og riv bort kanskje halvparten av innbyggjarane |
| 1387 | Margrete 1. aldemarsdotter blir vald til Rigets megtigste Frue og rette Husbond i Noreg, Danmark og Sverige |
| REFORMASJONEN | |
| Luthersk statskyrkje frå 1537 til i dag | |
| 1851 | Ei ny kyrkjelov gav føresegner om kor store kyrkjene skulle vera i høve til tal personar i kyrkjelyden. |
| 1877 | Fortidsminneforeninga overtok Borgund stavkyrkje og førde bygningen tilbake til tilnærma opprinneleg stand. |
| 1880 | Fortidsminneforeninga overtok Urnes og Hopperstad stavkyrkjer. |
| 1979 | Urnes stavkyrkje vart teken med på verdsarvlista til UNESCO over dei fremste kulturminna i verda. |
