Foto: Fredrik Erikse

Hegge stavkyrkje vart bygd på første halvdel av 1200-tallet, og er ei av stavkyrkjene som framleis er i bruk som soknekyrkje.

Kyrkja har gjennomgått store endringar sidan ho vart bygd. Ho har fått smårutete vindauge, skifertak og ein kraftig takryttar med spisst spir, og utvida kor og sakristi i øst. Kyrkja er prega av restaureringa i 1924-25, som vart planlagt av arkitekt Arnstein Arneberg. Då vart blant anna våpenhuset og galleriet i vest utvida.

Interiøra, som ble restaurert på 1920-tallet, har ikkje middelalderpreg. Innreiinga er enkel. Åtte stavar bærer midtrommet, med ein nyare flat himling over. Koret, som opnar seg i full bredde mot skipet, har eit enkelt korskilje, og korhimlinga er måla med rankar og blomster, antakelig av bygdekunstnaren Ole Hermundsen Berge rundt 1800.

Altertavla frå 1780, som er utsøkt treskjærarkunst av Østen Kjørn frå Gudbrandsdalen, består av fleire utskorne figurscener satt inn i nisjar, omkransa av akantus bladdekor. Under restaureringa på 1920-talet fann ein eit måleri under golvplankane, som viser ofringa av Isak. Bildet er måla i 1643 og heng i dag på nordsida i koret. Bortsett frå døypefonten av kleberstein frå 1100-talet er ikkje mykje av middelalderinventaret bevart, men øvre ende av mellomstavane har utskorne masker med svarte opptrukne konturar. Slike groteske figurar var vanlig dekor i middelalderens trekyrkjer. Rundt vestportalen på skipet og i våpenhuset er det to middelalderske utskorne vangeportalar.

Opningstider
Perioden 17.07.2022 – 31.07.2022
Kyrkja er open frå 12:00 til 17:00 kvar laurdag.
Omvising, gratis inngang. Ta kontakt for omvisning for grupper utanom desse tidene.

Perioden 13.08.2022 – 13.08.2022
Kirken er åpen fra 16:00 til 18:00 hver lørdag
Omvising, gratis inngang. Ta kontakt for omvisning for grupper utanom desse tidene.

Kontakt
Kyrkjekontoret
tlf. 61352576
post.oystreslidre@kyrkja.no


Kart

Siste nyheter fra Hegge stavkyrkje

Nothing found.