Foto: Anders Kvåle Rue

Heddal stavkyrkje ligg nær Notodden i Telemark, og er den største stavkyrkja i landet. 25 meter lang og 17 meter brei. Med sine 3 spir og 29 m høgde, ruver bygningen som ein katedral i tre. Noko av tømmeret er så gamalt som frå rundt år 1000, men bygningen har blitt oppført ein gong på 1200-talet. Treverket er malmfuru.
I katolsk tid var dette ei Mariakyrkje. Stavkyrkja er framleis bygdas soknekyrkje, og i sommarhalvåret blir den nytta til Gudstenester, dåp, konfirmasjon og bryllaup.

Heddal stavkyrkje er eit spennande døme på utforminga Gudshus fekk i tidleg kristen tid. I arkitektur og treskjæring går bibelske motiv og førkristen tru saman til ein særmerkt heilskap. I svalgangen kan ein sjå fantastisk treskurd rundt dei fire inngangsdørene. Her er kraftfull symbolikk som både skal skreme vekk vonde makter, og lokke menneska inn i kyrkjas heilage rom. Det er ei dør for menn, ei for kvinner, ei for presteskapet og ei i vest for prosesjonar. Til vanleg er det no berre vest-portalen som blir nytta. I svalgangen finn ein også runer, bumerker og ein erkebispekross rissa inn i veggen.

Kyrkja har vore gjennom fleire store ombyggingar. Ved den seinaste, i 1952 – 54, var ynskjet å koma tilbake til mellomalderens utsjånad. I dagens kyrkje finn ein element frå dei ulike hundreåra. Her er røykelseskar frå mellomalderen, altar frå 1667 og benkar og belysning frå 1950. I skipet er veggane måla med rosemåling frå 1600-talet. Heilfigurar av apostlane pryder veggane i koret. Aller øvst på stavane smiler 23 venlege andlet frå mellomalderen ned på forsamlinga.

Opphaveleg sto det tre særmerkte møblar i koret, alle med motiv frå Sigurd Fåvnesbane-eposet. Denne soga har blitt bruka som eit bindeledd mellom gamal myte og kristen lære. Bispestolen står her enno med skjoldmøya Brynhild som motiv, og friarane Gunnar og Sigurd på kvar si side av henne. Kopi av den orginale Brugdebenken også på plass. Framsida er prydd med byster av Sigurd Fåvnesbane og Brynhild. På baksida ser me «Gunnar i ormegarden». Det er også laga ein rekonstruksjon av den såkalla Klokkarpulten, ein praktfull talarstol, med utskjeringar av Sigurd Fåvnesbane mellom ei løve og ei drake.

Rett ovanfor stavkyrkja ligg Låvekyrkja, som husar både kyrkjerom, kafé og skiftande temautstillinger. I gangavstand frå kyrkja ligg også Heddal bygdetun, med gamle bondehus og skiftande utstillingar.

Åpningstider
20.05.2023 – 10.09.2023
Kirken er åpen fra 10:00 til 16:00 hver dag. Lørdag og søndag kan stavkyrkja bli stengt i perioder pga bryllup eller gudstjeneste.

Kontakt
Omvisertjenesten Heddal stavkyrkje
922 04 435
post@heddalstavkyrkje.no

Kafe Olea
922 04 435
kafeolea@notodden.kirken.no


Kart

Galleri

Siste nyhende frå Heddal stavkyrkje

Nothing found.