Startsida
Om oss
Stavkyrkjer
Urnes Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Andre kyrkjer
Medlemsskap
Kart - reise
Linkar
Kontakt oss

Fortidsminneforeninga
Postboks 437
N-6853 Sogndal
Norway

tel 57 67 88 40
fax 57 67 88 89
e-mail
Ei tid for kyrkjebygging

Ei tid for kyrkjebygging
Gjennom heile mellomalderen var kyrkjeordninga katolsk. Bispane i Noreg høyrde inn under erkebispen i Bremen, til Norden fekk sitt eige erkebispesete i Lund i Sverige. I 1153 vart landet eigen kyrkjeprovins, med erkebispesete i Nidaros (Trondheim), og skulle frå då stå direkte under paven i Roma. I Nidaros kom nordlegaste katedralen i verda til å bli reist over grava til Heilag-Olav. Denne grava hadde alt vorte eit viktig vandringsmål for pilegrimar frå heile Nord-Europa. Andre valfarta til Nidaros for å takka og be, og kom attende og fortalde om store opplevingar. Fleire stader i landet vart det og bygde kloster, etter mønster frå England og Frankrike. Med klostera kom og fromheit inn som eit ideal
Frå 1100-talet og framover vart det reiste minst tusen stavkyrkjer i Sør-Noreg og om lag 270 steinkyrkjer. Men Svartedauden i 1349 arma landet ut, slik at det vart knapt bygd kyrkjer i landet på 200 år.

I eit land med så god tilgang på grovt tømmer var det naturleg at dei fleste kyrkjene vart bygde i tre. Også i andre europeiske land vart det bygt tilsvarande kyrkjer, men dei er ikkje tekne vare på. Handverkskvaliteten og den rike treskjerarkunsten finn me elles att i bygningsdelar og kunst frå andre kyrkjer får samtida. Det var slutt på vikingferdene, men nordmennene, som eit farande folk, henta heile tida førebilete frå framande kulturar og tilpassa dei til norsk stil og norsk lynne. Osebergskipet, som vart bygd 300 år før Urnes stavkyrkje, viser at båtbyggjarane alt så tidleg var meisterlege trehandverkarar. Me har ikkje bevart bustadhus frå før 1200, men husbyggjarane var sikkert like dugande. Sjølv om folk flest budde i enkle hus, kan gudehova og gildehallane til stormennene ha vore praktbygg. Utskjeringane på stavkyrkjeportalane, med motiv som løver og drakar, kan tolkast symbolsk ut frå kristne verdiar. Men det kan og tenkjast at tradisjonen og dei nye kristne førebileta levde side om side, og at dei verdslege praktbygga heldt fram som bygdekyrkjer, med nye tolkingar av gamle motiv.

Fra då til nå
Me kan tenkja oss at stavkyrkja stod nokså uendra i katolsk tid. Men i 1537 kom reformasjonen. Det året rømde den siste katolske erkebispen, Olav Engelbrektsson, frå landet, og den lutherske læra kom til å rå grunnen. Det vart forbode å tilbe helgenar, noko som og førde til at den eldste kyrkjekunsten forsvann. Nytt inventar, som preikestol, altertavle og sitjebenker kom på plass. Etter kvart lærde fleire å lesa. Dei kravde betre lys, og det kom vindauge i kyrkja.

Viktige årstal

1263
Magnus Håkonsson Lagabøte (lovmakar) vart konge. Han fullførte eit norsk lovverk

1319
Noreg og Sverige får felles konge, og unionstida tek til

1320
Nidarosdomen i Trondheim vart innvigd, men brann alt åtte år seinare

1320
Borgund stavkyrkje blir nemnd første gongen i skrift

1323
Urnes er nemnd i skriftlege kjelder: Me les om presten på Urnes, Siri Ærlender a Ornesi

1349
Svartedauden, den smittsame byllepesten, kjem til landet og riv bort kanskje halvparten av innbyggjarane

1387
Margrete 1. aldemarsdotter blir vald til Rigets megtigste Frue og rette Husbond i Noreg, Danmark og Sverige

REFORMASJONEN
Luthersk statskyrkje frå 1537 til i dag

1851
Ei ny kyrkjelov gav føresegner om kor store kyrkjene skulle vera i høve til tal personar i kyrkjelyden.

1877
Fortidsminneforeninga overtok Borgund stavkyrkje og førde bygningen tilbake til tilnærma opprinneleg stand.

1880
Fortidsminneforeninga overtok Urnes og Hopperstad stavkyrkjer.

1979
Urnes stavkyrkje vart teken med på verdsarvlista til UNESCO over dei
fremste kulturminna i verda


nothing