|

Mellomaldermennesket og kyrkja Den nye trua på Kvitekrist, felles for heile Europa, må ha fått eit godt grep om folket i Sogn nokså tidleg. Snorre skriv at Olav Tryggvason tvangskristna landsdelen i 997. Kyrkja innvigde folk til kristenlivet i dåpen, følgde ferda gjennom livet og hjelpte sogningen fram til eit evig liv etter døden. Kyrkja fekk makt gjennom å forvalta nådemidla. Og med skjærselden som eit evig trugsmål godtok angrande syndarar dei botsøvingane presten føreskreiv før han kunne gje syndeforlating.
Det var i dåpen barnet først møtte kyrkja. Ritualet tok til utanfor kyrkjedøra, der vonde ånder måtte manast bort før barnet kunne berast inn og få velsigna vatn frå døypefonten over seg. Delar av bryllaupsseremonien gjekk og føre seg utanfor kyrkja. Barn som døydde i mors liv eller før dåpen, kunne ikkje gravleggjast på kyrkjegarden. Fortvila foreldre pakka inn aborterte foster eller la dei i øskjer som vart gøymde under golvplankane, og håpa at dei slik skulle kunne komma inn i Gudsriket gjennom ei bakdør.
Sjølve kyrkjerommet var heilagt. Det var mørkt og mystisk, knytt til heilage handlingar: Koret var skilt frå sjølve kyrkjerommet med ein smalare opning enn i dag. Her kunne berre presten opphalda seg. Frå korinngangen delte han ut sakramenta, medan klangen klokkene stadfeste handlinga. Sjølve messa var på latin. Men gudstenesta hadde og til formål å gje kristendomsundervisning på folkemålet. Folk flest kunne ikkje lesa. Derfor var preika til presten og bileta i kyrkjekunsten pedagogiske verkemiddel. For at kyrkjelyden skulle kunna tolka bileta, måtte dei få vita tydinga bakom, kjenna symbola og forteljingane. Bileta skulle og vekkja til andakt og inderlegheit, i tillegg til den opplagde oppgåva: å utsmykka Guds hus.
Alt dette veit me lite om, men sikkert er det at kyrkjerommet har gjort eit djupt og overveldande inntrykk, med kostesame og gylne ting i det flakkande, svake lyset. Ei klar prestestemme med lågmælte svar frå kyrkjelyden, korsong og fellessong og sterk ange frå røykjelsen forsterka opplevinga for dei som var med på messa. |
 |
Viktige årstal
VIKINGTID 800-1030
Ca. 830 Osebergskipet blir bygd
Ca. 890 Harald Hårfagre samlar Noreg
MELLOMALDEREN katolsk kyrkje 1030-1537
1030 Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad. Han vart kjend heilag året etter. Vår evige konge, Heilag Olav, sette kristenretten, som avgjorde korleis du skulle leva som kristen
1000-1050 Urnes: den første kyrkja vart reist.
1050 og 1100 Hopperstad: restar under kyrkjegolvet etter ei kyrkje som var bygd i dette tidsrommet. Riven for å gje plass til kyrkja me ser i dag Kaupanger: Restar etter to kyrkjer som var bygde i dette tidsrommet. Densiste brann ned.
1129-31 Urnes: Tømmeret til dagens kyrkje vart hogge
1108 Som første europeiske konge drog Sigurd Jorsalfare på krosstog til Jerusalem
ca. 1140 Hopperstad stavkyrkje vert reist
ca 1130-1190 Kaupanger stavkyrkje vert reist
1152 Noreg vart eigen kyrkjeprovins under paven i Roma. Erkebispen tok sete i Nidaros, i dag Trondheim
1180 Borgund :tømmeret til stavkyrkja vart hogge
1183 Bondeopprør. Sogndøler og kaupingar drep kong Sverres sysselmann, Ivar Dape. Sverre hemner drapet året etter.
1184 Slaget ved Fimreite. Kong Magnus Erlingson i kamp med Sverre Sigurdson og birkebeinarane. Over 2000 av kongens menn fall i slaget. Hovdingsonen Munan Gautson av Ornesi deltok og er nemnd i soga.
|