Startsida
Om oss
Stavkyrkjer
Urnes Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Andre kyrkjer
Medlemsskap
Kart - reise
Linkar
Kontakt oss

Fortidsminneforeninga
Postboks 437
N-6853 Sogndal
Norway

tel 57 67 88 40
fax 57 67 88 89
e-mail
Eit tilbakeblikk

borgund_interior1.jpgI 1180 var det stor aktivitet her på Borgund. Bygda skulle få ny kyrkje, og det vart hogge og køyrt fram tømmer til bygginga. Gamlekyrkja hadde nemleg store ròteskadar, mellom anna fordi dei berande stolpane gjekk rett ned i bakken. Den nye kyrkja vart lyft opp frå terrenget på steinfundament, slik at sjølve treverket unngjekk å komma i kontakt med fuktig jord. Dette var eit stort framsteg, som sikra den nye bygningen eit langt liv.

Omreisande handverkarar med erfaring og kunnskap arbeidde med trevirket og la til rettes alle bygningsdelane, kanskje så mykje som 2000 små og store einingar. Med god hjelp frå bygdefolket vart dei store konstruksjonane "stavverket" sett saman nede på bakken.
Deretter vart dei stive rammene reiste på plass. Resten av arbeidet gjekk fort unna, fram til høgtidsdagen då bygdefolket kunne møta opp til innviinga av den vakre kyrkja.

Bispen sjølv stod for den heilage handlinga. Før messa gjekk han tre gonger rundt kyrkja.Tre gonger banka han med bispestaven på den stengde døra. Slik overtok han bygningen på vegner av Kristus, som herre over kyrkja og sigraren
over alle vonde makter.

På altaret vart det hogge inn fem krossar. Like mange innviingskrossar var rissa inn på veggene. Dei vart stenka med vievatn, deretter salva med olje. Kyrkjelyden fylte kyrkjerommet,
mennene tok til høgre etter hovudinngangen, kvinnene til venstre.
 
Berre etter langveggene fann du noko å sitja på. Her var det benker for gamle og krøplingar.

<< Tilbake
nothing