Startsida
Om oss
Stavkyrkjer
Urnes Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Andre kyrkjer
Medlemsskap
Kart - reise
Linkar
Kontakt oss

Fortidsminneforeninga
Postboks 437
N-6853 Sogndal
Norway

tel 57 67 88 40
fax 57 67 88 89
e-mail
Slik er stavkyrkja bygd
borgund_kyrkjabygd.gif

1. Stavane (stolpane) er ramma rundt midtrommet og har gjeve kyrkjetypen namn. Stavane blir avslutta med ansiktsmasker høgt oppe.

2. Stavane vart bundne saman og avstiva med «tenger».

3. «Andreaskross». Namnet kjem frå apostelen Andreas, som vart krossfest på ein diagonalforma kross

4. Dei runde bogane er forma med «kne», som er tekne frå der det naturleg veks i bogeform og er sterkast, på overgangen
mellom stamme og rot

5. Stavverket i ytterveggene: Ståande veggplankar sett inn i rammer med svill nedst,stavlægje øvst og stolpar på sidene

6. Det var sparsamt med lys som slapp inn gjennom dei runde gluggane.Vindauget
i gavlen er av nyare dato. Truleg var det eit vindauge her alt i mellomalderen.

7. Sett nedanfrå kan takkonstruksjonen over midtrommet minna om ei kvelvd båt, der takstolane tilsvarer spanta i båten. Takryttaren er ikkje vist fram på dette tverrsnittet gjennom kyrkja. Der hekk det to små klokker som vart brukte i gudstenesta.
Klokkene vart dirigerte frå kyrkjerommet med eit tau.
På 1200-talet vart den frittståande stopulen bygd for dei store kyrkjeklokkene. Stopulen er den einaste i stavverk som finst att her i landet. I nyekyrkja frå 1868 står ei av dei gamle klokkene frå mellomalderen.

8. Svalgangen gjev vern for ytterveggen og portalane og sikrar ly mot dårleg ver. Svalgangen er og viktig for den karakteristiske utsjånaden til kyrkja.

9. Rammeverket som kyrkja vart bygd på

10. Golvet i mellomalder-kyrkja var felt inn  grunnkonstruksjonen. Det meste er bevart, men det er lagt eit varegolv oppå det opphavlege for å hindra slitasje.
Under golvet er det funne bygningsdelar som kan stamma frå ei eldre kyrkje.
Det var vanleg å gravleggja folk under kyrkjegolvet.
Tidleg på 1800-talet vart dette forbode, særleg på grunn av den vonde
stanken frå lika. Ufødde og udøypte barn vart nekta grav på kyrkjegarden. Små øskjer med aborterte foster har vorte gøymde under golvet, også i nyare tid.

Dei som bygde stavkyrkjene, hadde med seg ein lang tradisjon for trehandverk.

Vikingtida var slutt, men me var framleis
eit farande folk, og handverkarane kopla heimleg tradisjon
med nye impulsar frå kyrkjebygg i utlandet.

Borgund stavkyrkje har overlevd så lenge fordi ho er sett opp på ei treramme som kviler på eit fundament av stein.

Trevirket har ikkje hatt kontakt med fuktig jord og har halde seg tørt. I tillegg kan tømmeret ha vorte tørka på rot slik at tjøra fekk trekkja ut til overflata av stokken. Deretter vart tømmeret hogge og skore opp i opptil 2000 bygningsdelar for å få opp ei ferdig kyrkje.

Konstruksjonen, stavverket, vart samansett til stive rammer nede på bakken og så reist opp, truleg med hjelp av lange stenger.

<< Tilbake

nothing