|

Dei som sette opp stavkyrkja, bygde på solide tradisjonar i å arbeida med tre.Vikingtida var slutt, men me var framleis eit farande folk. Handverkarane kombinerte tradisjonen med nye impulsar frå kyrkjebygg i utlandet. Hopperstad stavkyrkje har stått mot tidas tann fordi ho er oppsett på ei treramme som kviler på fundamentsteinar. Trematerialane kjem ikkje i kontakt med fuktig jord og held seg tørt. Tømmeret kan ha vorte tørka på rot for at tjøra skulle trekkja ut til overflata på stokken. Deretter vart det arbeidt ut til bygningsdelar. Ei stavkyrkje kunne vera samansett av opptil 2000 einingar. Konstruksjonen stavverket vart sett saman til stive rammer nede på bakken og reist opp i ståande stilling med hjelp av lange stenger.
Det var vanleg å gravleggja folk under kyrkjegolvet, men det vart forbode først på 1800-talet, mellom anna på grunn av den sterke likstanken. Ufødde og udøypte barn vart nekta grav på kyrkjegarden. Små øskjer med aborterte foster har vorte smette inn under golvet, også i nyare tid. Under golvet i Hopperstad-kyrkja har framleis fleire menneske grava si, mellom dei er det og to barn. I alt 20 runeinnskrifter, dei fleste med fromme ønske, er rissa inn i veggene, likeins mange figurar av menneske og dyr, fisk, båtar, bumerke og symbol. Me kan kalla det graffiti frå mellomalderen.
Veggmåleri og innskrifter frå tida etter Reformasjonen syner restane etter eit frodig interiør.
|
 |
1. Åtte meter høge stavar (stolpar) rammar inn det høge midtrommet og har gjeve kyrkjetypen namnet sitt. Stolpehovuda (kapitela) har terningform.
2. Med «tenger» vart stavane bundne saman og stiva av.
3. «Andreaskross». Namnet viser til apostelen Andreas, som vart krossfest på ein diagonalforma kross.
4. Dei runde bogane er forma med «kne», som er tekne frå treet der det naturleg veks i boge og er sterkast: på overgangen mellom stamme og rot.
5. Stavverket i ytterveggen: Ståande veggplankar sette inn i rammer med svill nedst, stavlægje øvst og berande stolpar.
6. Lite lys slapp inn gjennom dei runde gluggane. I nyare tid har det vore sett inn vindauge, men dei vart fjerna att.
7. Sett nedanfrå minner takkonstruksjonen over midtrommet om ein kvelvd båt, der takstolane tilsvarer spantane i båten.Takryttaren (tårnet) er Blix sitt verk, inspirert av Borgund stavkyrkje. I gudstenesta vart det brukt messeklokker. Dei store kyrkjeklokkene hang oftast i eit eige klokketårn (stopulen). Me veit ikkje om det har vore ein slik stopul her.
8. Svalgangen vernar ytterveggen og portalane og er med og gjev kyrkja den særmerkte utsjånaden. Svalen kom til då kyrkja vart restaurert i 1880- åra, med Borgund stavkyrkje som førebilete.
9. Rammeverket som kyrkja kviler på. Under golvet er det funne dekorerte bygningsdelar som truleg høyrer til ei eldre kyrkje.
|