
DU SER IKKJE:
- Kyrkjekunsten som er borte. Her kan det ha vore eit krusifiks,
kanskje måla skulpturar av Maria eller andre helgenar, plasserte på sidealter.
- Teppa som kanskje har kledt veggene.
- Preikestolen frå 1673 og sitjebenkene som vart tekne ut i samband med restaureringsarbeida.
- Presten, som heldt messe på latin, og messekleda.
Kyrkjelyden, med mennene til høgre og kvinnene til venstre, sett mot alteret. Gamle og sjuke kunne sitja på benker langs ytterveggen.
DU HØYRER IKKJE:
- Messa på latin og bibelforklaringa på folkemålet.
- Kyrkjeklokkene som kalla til gudsteneste.
- Du kjenner ikkje dufta av røykjelse.
|
 |
DU SER:
1 Hovudportalen mot vest, eit framståande døme på treskurd frå mellomalderen. Stridande drakar og bladranker viklar seg inn i kvarandre. Dørbladet har vakkert smijernsarbeid.
2 Portal mot nord med enklare dyreornamentikk.
3 Portal mot sør med vakre smijernsbeslag.
4 Hopperstad stavkyrkje er den einaste der den opphavlege, smale koropninga er teken vare på. Dei gjennombrotne felta på kvar side av opninga er sette inn i løpet av mellomalderen.
5 Baldakinen frå omkring 1300 har danna tak over eit sidealter med ein madonna- eller helgenfigur. Dei måla motiva på himlingen fortel om korleis Jesus kom til verda, og om dei første leveåra hans.
6 Sidealter - har kanskje òg hatt baldakin.
7 Alter med katekismustavle, truleg frå 1621.
8 Jernslegen kiste frå mellomalderen.
9 Lesepult («bokstol») frå sist på 1500-talet.
10 Minnestein over grava til Obristin (oberstinne) Johanna
|