Startsida
Om oss
Stavkyrkjer
Urnes Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Andre kyrkjer
Medlemsskap
Kart - reise
Linkar
Kontakt oss

Fortidsminneforeninga
Postboks 437
N-6853 Sogndal
Norway

tel 57 67 88 40
fax 57 67 88 89
e-mail
Det heilage rommet
borgund_heilagerom.gif


DU SER IKKJE:

10  Kyrkjekunsten som er borte. Her kan det ha vore eit krusifiks, kanskje måla skulpturar av Maria, Andreas eller andre helgenar, plasserte på sidealter. Det kan ha vore eit frontale (panel) på framsida av hovudalteret, dekorert med scener frå Bibelen eller Olavs-legendene.

11  Den opphavlege smale koropninga og korskiljet. Presten, som heldt messe på latin, og messekleda. Kyrkjelyden, med mennene til høgre og kvinnene til venstre, sett mot alteret. Gamle og sjuke kunne sitja på benker langs ytterveggen.


DU HØYRER IKKJE:

  • Presten som held messa på latin og tilsvaret frå kyrkjelyden.Songen.
  • Kyrkjeklokkene som kalla til gudsteneste frå stopulen og dei småe klokkene som vart brukte i messa.
  • Du kjenner ikkje angen av røykjelse.

DU SER:

1  Hovudportal med akantusrankar på halvsøylene. Ormeog drakeliknande dyr og bladverk pyntar felta på sidene og over døra.

2  Portal mot sør med dyreansikt. På kapitélet (toppen av søylene) tronar to løver.

3 Steinalter frå mellomalderen. Målarstykket på altertavla er frå 1654. Ramma er frå 1620. Motivet er krossfestinga av Jesus.

4  Døypefont av kleberstein, frå mellomalderen

5  Preikestol frå 1550-70. I katolsk tid var det ikkje preikestol.

Sakramentskåp frå 1550-70. Her låg dei heilage kara som høyrde til nattverden.

7  Gjennom luka i veggen ser du alteret frå utsida. Luka kan ha vore brukt ved bøn når kyrkja var stengd.

Innviingskross på veggen

9  Runeinnskrifter

1-2  Bumerke på dørene

<<Tilbake

nothing