|

Eit smykkeskrin!
Så langt attende som rundt 1030 kan farande folk på Lusterfjorden ha sett opp mot ei kyrkje på Ornes: «neset som kjem ut or fjellet».
Gøymt i grunnen under dagens kyrkje finn me nemleg spor etter ei mindre stavkyrkje, som truleg vart reist i første halvdelen av 1000-talet. Kyrkja vart bygd slik at dei berande stolpane stod rett ned i bakken, noko som gjorde at dei tok til å rotna etter kort tid. I andre halvdelen av tusenåret vart kyrkja riven, og det vart reist ei ny kyrkje på same staden. I første halvdelen på 1100-talet vart også denne kyrkja riven, og ei tredje kyrkje, den me ser i dag, kom opp. No kviler kyrkja på ei ramme av treverk, heva frå grunnen på steinfundament, noko som har sikra bygningen eit langt liv. Prøver frå botnsvill og søyler syner at tømmeret vart hogge i åra 1129 til 1131.
Den kyrkja som vart riven, må ha vore praktfull. Det ser me på dei bygningsdelane som vart tekne vare på og brukte opp att, som portalen i nordveggen, dei utskorne veggplankane og den rikt dekorerte hjørnestolpen.Treskjerarane har vore uvanleg dyktige, og motiva deira og måten dei har utført motiva på, har gjeve namn til Urnes-stilen. Me finn dei att på svenske runesteinar frå 1000-talet og på steinarbeid frå andre land som vikingane hadde kontakt med, som Irland.
Urnes stavkyrkje er synleg på lang avstand for alle som kjem sjøvegen, og det gjorde dei fleste i eldre tid. I mellomalderen var storgarden som låg her, eit høvdingsete, strategisk plassert med oversikt over Lusterfjorden, landet midt i mot og hovudleia langs kysten. Urnes-ætta åtte mange gardar som gav store inntekter. Folket her hadde makt. Fram frå sogelitteraturen stig Gautr af Órnesi, herren til Urnes-godset, og sønene Jón og Munan, som var skipsførarar for Magnus Erlingsson. På deira tid var stavkyrkja ny og flittig brukt, i dag er ho eit særmerkt og løyndomsfullt minne frå mellomalderen. At det og i førkristen tid budde folk på Urnes, fortel funn heilt attende til steinalderen, i tillegg til tre gravhaugar nede ved fjorden, fleire røysar og ein bauta om lag 200 meter vest for kyrkja.
Byggjearbeida på Urnes kravde særleg dugande handverkarar, som med stor fagkunnskap gjorde om tømmeret til finsikta bygningsdelar, kanskje så mange som 2000 einingar. Dei store konstruksjonane, stavverket, vart sette saman til stive rammer nede på bakken. Rammene vart deretter heiste på plass. Ingen av dei andre stavkyrkjene som er tekne vare på, er så rikt utstyrte som Urnes. Dei utskorne stolpehovuda, kapitela, har tydelege førebilete i romanske steinkyrkjer. Kanskje kom det handverkarar heilt frå Trondheim, med røynsler frå steinhoggarmiljøet rundt Nidarosdomen.
<<Tilbake
|