Startsida
Om oss
Stavkyrkjer
Urnes Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje
Hopperstad Stavkyrkje
Kaupanger Stavkyrkje
Andre kyrkjer
Medlemsskap
Kart - reise
Linkar
Kontakt oss

Fortidsminneforeninga
Postboks 437
N-6853 Sogndal
Norway

tel 57 67 88 40
fax 57 67 88 89
e-mail
Slik er stavkyrkja bygd

urnes_slikerhobygd.gif


Dei som sette opp stavkyrkja, bygde på solide tradisjonar i å arbeida med tre. Vikingtida var slutt, men me var framleis eit farande folk. Handverkarane kombinerte tradisjonen med nye impulsar frå kyrkjebygg i utlandet.

Urnes stavkyrkje har ei omfattande bygningssoge, med bygningsdelar og innreiing som dekkjer tida frå andre halvdel av 1000-talet til bortimot 1800. Kyrkja har stått mot tidas tann fordi ho er oppsett på ei treramme som kviler på fundamentsteinar. Trematerialane kjem ikkje i kontakt med fuktig jord og held seg tørt. Den praktfulle portalen, dei utskorne veggplankane og hjørnestolpen på langsida mot nord har truleg vore brukte til hovudinngang og veggpynt på den andre kyrkja på tomta, den som vart riven omkring 1130. Kvar andre veggplanke kan ha vore dekorert på inngangsveggen mot vest. Kyrkja må verkeleg ha sett ut som eit smykkeskrin!

Tømmeret kan ha vorte tørka på rot for at tjøra skulle trekkja ut til overflata på stokken. Deretter vart det arbeidt ut til bygningsdelar. Ei stavkyrkje kunne vera samansett av opptil 2000 einingar. Konstruksjonen  stavverket  vart sett saman til stive rammer nede på bakken og reist opp i ståande stilling med hjelp av lange stenger.





<<Tilbake

1  Stavar (stolpar) rammar inn det høge midtrommet og har gjeve kyrkjetypen namnet sitt. Forma på stolpehovuda (kapitela) er inspirert av steinkyrkjer i samtida. Den rike dekoren held fram over kapitela og dannar ein fin overgang mellom dei runde stolpane og sperrene, som har plan overflate.

Dei runde bogane er forma med «kne», som er tekne frå treet der det naturleg veks i boge og er sterkast; på overgangen mellom stamme og rot.

Stavverket i ytterveggen: Ståande veggplankar sette inn i rammer med svill nedst, stavlægje øvst og berande stolpar.

Takryttaren (tårnet) frå 1702 kom i staden for ein frå omkring 1680. Opphavleg hang kyrkjeklokkene i eit frittståande klokketårn, stopulen. I ein periode var taket tekt med tegl. Sponkledningen vart lagd først på 900 talet.

Rammeverket som kyrkja kviler på. Golvet i midtrommet er senka i høve til nivået i omgangane. Under golvet er det eit ope rom som før var gravplass. Dette vart forbode først på 1800-talet, mellom anna på grunn av den sterke likstanken. I grunnen er det funne stolpehol etter den første kyrkja.

Sponkledning, truleg komme til i mellomalderen. Då vart det og bygd open svalgang rundt heile kyrkja. Den vart teken bort ein gong etter 1720, med unntak av inngangssvalen. Opphavleg slapp lyset inn gjennom små, runde gluggar. I tida etter reformasjonen vart det sett inn vindauge. Då kyrkja vart restaurert omkring 1900, vart nokre vindauge tekne bort att. Lysopninga over inngangsdøra har kanskje alltid vore der.

Skråstivarar, innsette delvis i mellomalderen for å gje plass til ein alterbaldakin, eit ciboriealter. Alteret vart teke bort, og i 1662 kom Krokastolen, som kravde fleire inngrep og meir avstiving.

Ei figurgruppe frå 1100-talet, den eldste i landet, framstiller Golgatascena. Den lidande Kristus på krossen, Maria og Johannes som sørgjande tilskodarar.

Himlingen kom på slutten av 1600-talet. Før kunne ein sjå takkonstruksjonen, som minner om ein kvelvd båt, der takstolane tilsvarer spantane i båten.

Takryttaren (tårnet) frå 1702 kom i staden for ein frå omkring 1680. Opphavleg hang kyrkjeklokkene i eit frittståande klokketårn, stopulen. I ein periode var taket tekt med tegl. Sponkledningen vart lagd først på 900-talet.




 

nothing