| Stavkyrkjer |
|
Dei norske stavkyrkjene er unike tilskot til kulturarven i verda. Dei fleste vart bygde i perioden 1130-1350, då Svartedauden sette ein stoppar for all byggjeverksemd. Sjølv om det har funnest liknande byggverk andre stader i Europa, er det berre i Noreg dei finst att i dag.
Dei tidlegaste stavbygningane var stolpekyrkjer, der ein sette stavane rett ned i bakken. Dette medførde rask rotning, og dei første kyrkjene som vart reiste, sto ofte berre 50-60 år. Seinare vart grunnstokkane lagt på steinfundament. I mellomalderen hadde vi mellom 1000-1200 stavkyrkjer og ca. 270 steinkyrkjer. Av stavkyrkjene er det i dag berre 28 som står att.
Søylestavkyrkjer Både Urnes, Borgund, Hopperstad og Kaupanger blir gjerne kalla søylestavkyrkjer. Namnet kjem av at kyrkjene har heva midtrom som blir bore av søyler (stavar) og omgang rundt (midtskip og sideskip). Grunnstokkane er felte saman og har utstikkande endar som veggsvillene kviler på og er felte ned i. Måten søylene er samanbundne på i øvre del av rommet, varierer frå kyrkje til kyrkje. |
| |
 |