URNES STAVKYRKJE STÅR FERDIG RESTAURERT, OG KLAR TIL Å TA IMOT TURISTAR FRÅ 25. MAI. 
I 2008 og 2009 har det pågått omfattande restaurering ved Urnes stavkyrkje. Det har kome nye murar under grunnstokkane og veggsvillene. Stavkyrkja har likevel vore open for turistar, og vi har hatt har om lag same besøkstal som før, ca 16 000 besøkande. Samarbeidet mellom handverkarar og guidar har fungert godt. Mange turistar har funne det særs interessant å sjå stavkyrkja utan golv, og restaureringsarbeida på nært hald. Ein kunne då t.d. betre forstå kva dimensjonar det er på grunnstokkane og veggsvillene. Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram Restaureringa er ein del av Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram som starta i 2002, og programmet har som mål å setja i stand alle dei 28 stavkyrkjene i landet. Dette gjeld sjølve bygningane, inventar og utsmykking. Dokumentasjon er også ein viktig del av stavkyrkjeprogrammet. Urnes stavkyrkje er skanna både utvendig og innvendig, så ein har no gode tredimensjonale digitale teikningar av bygget. Nye murar I Urnes vart det gjort grunnundersøkingar frå våren 2006. I januar 2008 vart inventaret i kyrkja anten pakka inn, teke ut for lagring i konteiner, brukt i utstillinga i Besøkssenteret eller sendt til Oslo for restaurering. Då golvet vart teke opp i februar 2008, såg ein at murane under grunnstokkane var svært dårlege, særleg i nord og i koret. Det vart innkjøpt stein frå ein fjøs som skulle rivast i Skjolden. Dette var gamal, tilhoggen, lokal stein. Nedre Jølster bilelag har utført arbeidet. 2008 gjekk med til undersøkingar. Spesialistar på ulike område vart tilkalla og rapportane deira synte til dels motstridande synspunkt. Først i mai 2009 kunne handverkarane ta til med sjølve murararbeidet. Murane var ferdige seinhaustes 2009, før frosten kom. Seinare vart det lagt inn nye bjelkar til å bæra golvet, desse kviler på murane under grunnstokkane, som stikk litt fram på kvar side. Bjelkane har ikkje understøtte elles. Alt som det var før Kistene frå 1700-talet, som var sette ned under golvet i skipet då, men vart sette under korgolvet i 1957, er no komne på plass att under skipet. Berre ei av dei er nokolunde intakt, dei andre er det laga kasser til. Barnekistene er sette i 2 kasser, for å vera betre sikra. Golvplankane frå 1100-talet, som var bevart under det synlege golvet frå 1900-talet, er og på plass att. Golv, benkar og anna inventar skal på plass, og inventaret som vart pakka inn, skal pakkast ut. Målerikonservatorer frå NIKU, Norsk Institutt for kulturminneforsking, overvakar dette, og alt skal vera i orden til 23. mai. Hausten 2010 skal Urnes stavkyrkje tjørebreiast. Les meir om Urnes stavkyrkje |