Oppført ca. 1647 – 1652

Gaupne gamle kyrkje er ei staseleg og enkel laftekyrkje, som avløyste den stavkyrkja som stod i same området. Fleire delar frå denne stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjæringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert.

Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsok-gudstjenesta. I 1909 vart kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga.

Gaupne

Ope for besøk av grupper.

Tinging av omvising:

Tilsynshavar Erling Bjørnetun

tlf. 47 86 56 50
e-post:  gaupne@stavechurch.com

Prisar
Gruppe (min. 15) kr 50
Infos

En reise gjennom norsk byggekunst

Utdrag av tekst henta frå Erling Bjørnetun sin artikkel i “En reise gjennom norsk byggekunst”, Fortidsminneforeningens eiendommer gjennom 150 år, Oslo 1994.

Gaupne gamle kyrkje

Den staselege og enkle Gaupne gamle kyrkje ligg på ei høgd rett over Gaupne sentrum, kommunesenteret i Luster kommune, omkransa av gardsuni Prestegård, Flattun, Svangstu og Drevdal. Laftakyrkja vart oppført i 1647-1652, men er første gong omtala i rekneskapen for åri 1649-1652, og avløyste den stavkyrkja som då stod i same området. På austveggen i våpenhuset, mot skipet, er måla ein lang og mest uleseleg tekst som fortel at Geble Augmundsen Røneyd let denne kyrkja verta bygd i 1647.

Eksteriøret er enkelt som for bygdekyrkjer flest frå denne perioden. Men det har samtidig eit verdig preg over seg, og ein nærast umedviten sikker arkitektonisk haldning. Det rikt dekorerte og fargestrålande interiøret dannar ein effektfull kontrast til det enkle eksteriøret. Veggene i skipet er dekorerte i 1658-60 av Nils målar.

Altertavla er ei typisk katekismetavle frå reformasjonstida. Den direkte og personlege tileigning av skrifti vart på denne tidi hevda strengt og konsekvent mot alle former for biletdyrking. Det gavlforma toppstykket er påført det dansk-norske unionsvåpenet, og ei latinsk innskrift som oversett lyder slik: “Christian IV, av Guds nåde valkonge i Danmark og Noreg. Læresetningane for Guds kyrkje i dei nordiske rike Danmark og Noreg og dei provinsar og øyar i det Arktiske hav som er underlagt desse. Anno 1589″.

Gaupne gamle kyrkje er i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsok-gudstenesta, som også som regel er tilrettelagt for eit internasjonalt publikum. Nokre finn det også minneverdig å gifta seg i denne kyrkja, eller føreta barnedåp her. For mange, både bygdefolk og tilreisande, framstår Gaupne gamle kyrkje som “ein 400 år gamal juvel”.

Kart