Foto: Harald Naper

Eidsborg er ei av dei små stavkyrkjene. I kyrkjeskipet er det fire stolpar som ber det opphøgde midtrommet. Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje.

Nytt kor i lafta tømmer vart bygd til i 1826, i same breidd som kyrkjerommet, og i 1845 vart dette innlemma i kyrkjeskipet og endå eit nytt kor oppført.

Då kyrkja vart restaurert mellom 1927-29, vart det meste av endringane som var gjorde i 1840-åra, fjerna. Ein henta fram eldre dekor, som vart supplert etter teikningar av Arnstein Arneberg i den forlenga delen av skipet. Det meste av inventaret er laga i samband med restaureringa som vart avslutta i 1929. Altertavla er måla av Mikkel P. Mandt i 1846. Motivet er Jesus som velsignar brødet og vinen.

Over korskiljet heng ei krusifiks frå mellomalderen. Ein helgenfigur av Den heilage Nikolai, som no er på Kulturhistorisk museum i Oslo, vart kvar Jonsok boren i prosesjon ut av kyrkja for å velsigne grøda. Prosesjonsvandringa føregjekk truleg til midt på 1700-talet.

Åpningstider

Vest-Telemark museum har daglege omvisningar kl. 11, 13 og 15 i perioden 15.6 – 15.8 (med atterhald om kyrkjelege handlingar i Stavkyrkja).

Kontakt

Vest-Telemark Museum
35069090
booking@vtm.no

Kyrkjekontoret i Tokke
35075230
kyrkjekontoret@tokke.kommune.no


Siste nyheter fra Eidsborg stavkyrkje

Nothing found.