Foto: Li og Li foto, Håkon Li

Borgund stavkyrkje ligg i Borgund i Sogn og Fjordane. Kyrkja er bygd kring år 1180. Ho er svært godt bevart og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas.

Viktige kjenneteikn er den trinnvise oppbyggingen med svalgangar, omgangar, heva midtrom og takryttaren på toppen av sjølve taket og den skjelliknande spontekkinga av tak og veggar. Kyrkja har tre inngangsportaler, og særleg vestportalen er rikt utskore. Til dei utvendige dekorasjonane høyrer drakehovud og krossar på møna over gavlane. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler.

Ved kyrkja ligg eit besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene sin innverknad i det religiøse livet i mellomalderen og utstilling «Unike Vikingtidsfunn» med funn frå tidleg Vikingtid (9. århundre). Her finn ein òg kafé og suvenirbutikk. Det er flott å sykle eller ta buss til Borgund stavkyrkje.

Borgund er lokalisert rett ved Vindhellavegen, ein del av Kongevegen over Filefjell, som vart tildelt Vakre vegars pris i 2014. Den renoverte historiske vegstrekninga, og kulturminnet, Kongevegen over Filefjell vart òg ein av prisvinnerane av EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris for 2017. Borgund stavkyrkje vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2010.

Borgund stavkyrkje vart kjøpt av Fortidsminneforeninga i 1877.

Opningstider 2024

15. april – 13. oktober: 09:30 – 17:00

*Siste gruppeomvisning 16:45

*Alle grupper må reservere på førehand

(NB! Stengd 17. mai)


Prisar 2024:

Voksne: NOK 130,-

Grupper: (Min pax): NOK 120,-

Senior Eldre enn 65 år: NOK 110,-

Barn: under 16: NOK 90,-

Student: NOK 90,-

Familie: NOK 300,-


Kontakt

45738972
borgund@stavechurch.com


Siste nyhende frå Borgund stavkyrkje

Nothing found.