Foto: Li og Li foto, Håkon Li
Borgund stavkyrkje ligg i Borgund i Sogn og Fjordane. Kyrkja er bygd kring år 1180. Ho er svært godt bevart og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas.
Viktige kjenneteikn er den trinnvise oppbyggingen med svalgangar, omgangar, heva midtrom og takryttaren på toppen av sjølve taket og den skjelliknande spontekkinga av tak og veggar. Kyrkja har tre inngangsportaler, og særleg vestportalen er rikt utskore. Til dei utvendige dekorasjonane høyrer drakehovud og krossar på møna over gavlane. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler.
Ved kyrkja ligg eit besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene sin innverknad i det religiøse livet i mellomalderen og utstilling «Unike Vikingtidsfunn» med funn frå tidleg Vikingtid (9. århundre). Her finn ein òg kafé og suvenirbutikk. Det er flott å sykle eller ta buss til Borgund stavkyrkje.
Borgund er lokalisert rett ved Vindhellavegen, ein del av Kongevegen over Filefjell, som vart tildelt Vakre vegars pris i 2014. Den renoverte historiske vegstrekninga, og kulturminnet, Kongevegen over Filefjell vart òg ein av prisvinnerane av EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris for 2017.
Borgund stavkyrkje vart kjøpt av Fortidsminneforeninga i 1877.
Åpningstider
Sesong
Kirken er åpen fra 10.00 til 17.00 hver mandag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag, lørdag, søndag
Høgsesong
Kirken er åpen fra 08.00 til 20.00 hver mandag, tirsdag, onsdag, torsdag, fredag, lørdag, søndag
Priser
Kontakt
Omvisning grupper
57 66 81 09
borgund@stavechurch.com
Fakta
Byggeår: 1180
Kommune: Lærdal
Bispedømme: Bjørgvin
Gateadresse: Vindhella 606, 6888 BORGUND
Omvisning: Ja
Servering: Ja
Tilgjengelighet
Parkering: Ja
HC-parkering: Ja
Toalett: Ja
HC-toalett: Ja, i servicehus/menighetshus i nærheten av kirken