Stavkyrkjene – Noreg sitt bidrag til verdsarkitekturen

Stavkyrkjer vart bygd i tre og hadde si utbreiing over dei nordlege delane av det europeiske kontinent, inkludert Skandinavia.

Men det er altso nesten berre i karrige Norge at desse særmerkte bygningane har overlevd heilt frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Stavkyrkjene er dermed ein særskilt verdfull del av bygningsarven vår, og er dermed vorte vårt viktigaste bidrag til verdsarkitekturen. Alt i 1979 vart Urnes stavkyrkje skrive inn på UNESCO si verdsarvliste, som den einaste stavkyrkja. Den får dermed representere både seg sjølv, men òg alle dei andre attverande mellomalderstavkyrkjene. Dei er eksempel på det fremste handverket vi har i landet når det gjeld konstruksjon, materialvalg, dekor og inventar.

Men til og med i dette landet har reduksjonen i talet på stavkyrkjer vore dramatisk. Totalt sto det omlag 1.000 stavkyrkjer i Noreg før Svartedauden råka landet i år 1350. Det kan ha vore reist over 2.000 — om ikke fleire — før reformasjonen i 1537.

I dag står berre 28 att. Dei er følgjeleg viktige kulturbærarar og historieforteljarar. Dei representerer nesten 1.000 år norsk historie. Framleis er dei òg kjelde til ny kunnskap om vår felles fortid. Besøk våre stavkyrkjer, men med respekt og varsemd. Me ynskjer å bringe dei vidare til stadig nye generasjonar menneske, i god stand.

Facebook

Instagram

Nothing found.

Nothing found.