Ny stavkyrkjeforsking gjer Kvernes stavkyrkje 300 år yngre…!

Det var oppsiktsvekkande nyhende som kunsthistorikar Linn Willetts Borgen kunne avsløre i doktorgradsavhandlinga Stave Church Architecture as Sacred Memory. Her har kunsthistorikar og stavkyrkjeforskar Linn Willetts Borgen ved Universitetet i Oslo teke føre seg stavkyrkjene Torpo i Hallingdal og Kvernes på Nordmøre. Og det er med bakgrunn i dendrokronologisk analyse at ho har kome til at Kvernes stavkyrkje mest sannsynleg er bygd etappevis i åra 1631-33. Ein har tidlegare meint at denne stavkyrkja truleg vart oppført kring år 1300. Det har vore ei sterk oppfatting i fagmiljøet om at stavkyrkjer høyrer mellomalderen til og at bygginga av dei slutta etter reformasjon, uttalar Borgen til www.fortidsminneforeningen.no. Les meir om dei oppsiktsvekkande funna her.