Ny dagleg leiar ved Urnes stavkyrkje

Ingebjørg Njøs Storvik (33) er tilsett som dagleg leiar ved Urnes stavkyrkje og (komande) verdsarvsenter. Storvik er utdanna innan historie og kulturfag frå Universitetet i Bergen, med hovudvekt på arkeologi.

-Det var heile 20 personar som søkte på stillinga, så interessa for å formidle verdsarvkyrkja på Ornes har openbart vore stor, seier dagleg leiar Jon E Tamnes i Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane.

Storvik vil gradvis tre inn i stillinga når noverande leiar, Marit Bøen (72), pensjonerer seg etter 40 års teneste.

-Historie og historieformidling har lenge vore mi interesse, eg likar å formidle faget mitt og ha moglegheit til å vinkle ho på nye måtar, og vise kor mykje historia verkar inn på kvardagen vår, seier ho.

Storvik, som no bur i Bergen, ser fram til å flytte attende til Sogn, og me ser fram til eit langt og godt samarbeid med vår nye stavkyrkjekollega.