Årsmøte i Stavkyrkjeeigarforum tysdag 9. april 2019

Styreleiar Håvard J. Russnes (t.h) kallar inn til årsmøte i Solvorn. Han har varsla at han ikkje ynskjer attval, etter å ha leia det nye forumet sidan 2015  (Foto: Jon E Tamnes)

I år skal årsmøtet i Stavkyrkjeeigarforum haldast på Walaker hotell i Solvorn i Sogn. Årsmøtet er ope for alle som har med forvaltning av stavkyrkjene og gjere, men berre dei som er medlemmar har forslags- og røysterett.