Brugdebenken frå Heddal stavkyrkje skal skjærast på nytt i sommar

Brugdebenken, som hadde stått i Heddal stavkyrkje i mange hundre år, vart i 1882 gjeve i gåve til Kong Oscar II, frå Ole Olsen Hove frå Lisleherad. Klenodiet står til dagleg på Norsk folkemuseum på Bygdøy.

Etter eit kort utlån frå Norsk folkemuseum, og eit godt stykke arbeid med finansieringa, er det no klart at ein kopi av brugdebenken skal produserast i tunet mellom Heddal stavkyrkje og Prestegardslåven. Tidsrommet er 27. mai til  5. august sommaren 2018. Den skal lagast historisk rett, dvs med reiskapar som vart brukte den gongen den orginale brugdebenken vart laga, ein gong på 1200-talet. Det vil vere mogleg for publikum å sjå treskjærarane arbeide med brugdebenken. Dette vil sikkert bli ein attraksjon som vil vekkje interesse.

Difor: Ta turen til Heddal stavkyrkje denne sommaren. Stavkyrkja vår er unik og vakker, og det vil også kopien av  brugdebenken bli!

Brugdebenken på Norsk folkemuseum på Bygdøy i 2018, flankert av eldsjel Halvor Sem frå Heddal stavkyrkje. Foto: Jon E Tamnes

 

Brugdebenken  kom til Bygdøy i 1882, som gåve til Kong Oscar II.   Foto: Jon E Tamnes

 

Brugdebenkmateriale: Eigaren av Tinnoset Sag, Asgeir Andersen og Halvor Sem i midten, treskjærarane August Horn frå Valdres og Øystein Lønnevik frå Innerøya. Begge arbeider for Treskjærerverkstedet AS som skal lage brugdebenken     Foto: Kyrkjekontoret

 

Brugdebenkemne:  Dette flotte furuemnet skal bli til plankar som skal bli front, bakkant og rygg i brugdebenken. Veden er tettvaksen og godt malma.                               Foto: Kyrkjekontoret

 

Grindverk: Dette grindverksbygget skal plasserast på tunet mellom Heddal stavkyrkje og Prestegardslåven. Boni Wiik og hjelparane hans skal arbeide med brugdebenken i dette bygget  i sommar. Foto: Kyrkjekontoret

 

Halvor Sem

Tlf: 415 50 401