Ta rutebussen til Borgund stavkyrkje i sommar

Foto: Espen Gees, Nettbuss

Frå 1. juni til 31. august har Nettbuss framleis stopp ved stavkyrkja, både til og frå Oslo, Flåm, Lærdal og Sogndal.

Det var lenge usikkert om Nettbuss ville halde fram med denne traseen, men no er det endeleg avklara: I mai og september stoppar bussen ved Lo busstopp ved E16, omlag 15 minutt å gå frå stavkyrkja.

For rutetider: www.kringom.no, eller send epost til borgund@fortidsminneforeningen.no

Er du i form kan du òg sykle oppover dalen. I Lærdal kan du leige sykkel hos Lærdal Feriepark  info@laerdalferiepark.com