Det var stor glede over at dette etterlengta gjenbesøket til Wang stavkyrkje i Polen endeleg let seg gjennomføre i midten av mars i år. Då var det gått 25 år sidan sokneprest Edwin Pech hadde besøkt Urnes stavkyrkje, i lag med songkoret frå Wang stavkyrkje i Karpacz.

Marit Bøen, tilsynshavar ved Urnes stavkyrkje, har heilt sidan sommaren 1993 sett fram til å få sjå Wang stavkyrkje, og det vart ei stor, stor oppleving. Me fekk ei grundig omvising i og kring stavkyrkja, og fekk høyre heile historia om korleis denne kyrkja frå Vang i Valdres enda opp her i desse fjellområda heilt sør i Polen. Etter mykje att og fram, så vart ho demontert i Vang, frakta over Filefjell, ned Lærdalen og over i båt til Bergen og vidare til kontinentet. Etter eit kort opphald i Berlin, gjekk vegen vidare sørover, der ho vart attreist i det dåverande kongedømmet Preussen, og teke i bruk att i 1844. Det var spennade å sjå korleis kyrkja var blitt bygd oppatt, for trass i at teikningar hadde følgt med under kyrkjereisa, så hadde det nok ikkje vore heilt lett for handverkarane å forstå korleis denne ukjende og særeigne bygningstypen skulle førast opp, så det vart ein del originale løysingar på det bygningstekniske.  Mellom anna observerte vi at portalane har vorte montert med utsida inn i kyrkja.

Kyrkja er i dag er ikkje berre ein av Polen sine godt besøkte attraksjonar, men òg soknekyrkje for dei lutheransk kristne i Karpacz, og sokneprest Edwin Pech har vore i stillinga i heile 28 år, og vil nok halde fram i mange år til.

Invitasjon til nytt besøk i Noreg og Sogn vart overleverte, og me satsar på at kontakten mellom kyrkja i Polen og stavkyrkjemiljøet her i Noreg kan styrkast endå meir i framtida.

Framfor Wang stavkyrkje i Karpacz. Frå venstre: Styremedlem Malén Røysum i Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane (FMF SFJ), sokneprest Edwin Pech, tilsynshavar Marit Bøen ved Urnes stavkyrkje, verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen ved Urnes stavkyrkje og dagleg leiar Jon E. Tamnes ved FMF SFJ. Foto: H.Trohaug
Frå venstre: Sokneprest Edwin Pech, tilsynshavar Marit Bøen ved Urnes stavkyrkje, antikvar Hallvard Trohaug, verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen, styremedlem Malén Røysum i Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane og dagleg leiar Jon E. Tamnes ved FMF SFJ. Foto: Privat
Tilsynshavar Marit Bøen ved Urnes stavkyrkje og sokneprest Edwin Pech i den lutheranske meinigheita i Karpacz. Foto: Jon E. Tamnes
Spennade omvisning inne i Wang stavkyrkje. Her fortel Edwin Pech om portalane som vender inn i kyrkja. Foto: Jon E. Tamnes
Stavane frå Vang stavkyrkje er lett kjennelege…i motsetnad til dei mange vindauga, mange med små, runde glasruter! Foto: Jon E. Tamnes