Rekordtidleg sesongstart ved Borgund stavkyrkje i år

Foto-Håkon-Li

Med våren kjem turistane, og snart kan både dei og fastbuande nyte den historiske stavkyrkja. Me opnar allereie 16. april og ynskjer velkomen til ny sommarsesong på Borgund.

Det er vakkert på Borgund på vårparten. Det er heller ikkje masse folk, so du får kjenne lukta av gamalt treverk i ro og fred. Og tar du turen til Borgund, so må du ta deg tid til ein tur på Kongevegen over Filefjell! Stavkyrkja ligg rett attmed Vindhellavegen.  www.kongevegen.no