Kyrkjemodell fascinerte verdsarvkoordinatoren ved Urnes stavkyrkje

Verdsarvkoordinatoren fascinert av kyrkjemodell
Verdsarvkoordinatoren fascinert av kyrkjemodell. Foto: Jon E Tamnes

Ved omvisninga ved Wang stavkyrkje i Karpacz fekk me òg sjå ein støypt modell av stavkyrkja, som var laga for å stå ute heile året.

Verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen ved Urnes stavkyrkje vart òg fascinert av modellen, så kanskje kan det etterkvart kome ein tilsvarande modell av verdsarvkyrkja vår på Ornes…?
Føremålet til modellen var primært å gje blinde og svaksynte moglegheit til å forstå storleiken til stavkyrkja sett i høve til omgjevnadene, gjennom å kjenne på modellen. Me såg òg at den var eit spennande element for barna som besøkte stavkyrkja.