Om du vil vite meir om stavkyrkja du besøker…

…så er det berre å spørre våre dyktige omvisarar. Mange er lokale, dei snakkar ofte fleire språk og felles for alle er at dei er stolt av stavkyrkja og gjerne vil fortelje deg meir.

Guida omvisingar for grupper er inkludert i billettkjøp. Det er ikkje tillatt å guide grupper for andre enn våre stavkyrkjeguider. Ver grei å bestille gruppebesøk på førehand og gje beskjed kva språk de treng. Fotografering i dei fleste kyrkjer er tillete (utan blits), men me ber dykk om å vente med fotografering til guiden har snakka ferdig.

Det er ulik praksis for guiding for individuelle gjester. Spør når du er der, eller send epost til kyrkja du ynskjer å besøke på førehand.