I Noreg er det 28 stavkyrkjer att frå mellomalderen.  Samtlege er vel verdt eit besøk.  Mange av stavkyrkjer har mykje folk innom,  hjå andre er det for det meste roen som herskar.  Desse kallar vi for våre skjulte perler…

Om du har lyst  å oppleve desse må du vera budd på å køyre den ”ekstra mila” for å kome fram. Du må planlegge turen godt, for dei ligg som oftast ikkje langs dei store hovudvegeane og  du må kanskje ta ein båt for å koma deg dit. Og det går fint å besøke fleire stavkyrkjer på ein tur. Og du får veldig mykje att: Omvisarar med  kunnskap. Tid til å studere detaljane. Kjenne lukta av tjære og gamalt treverk. I ro og fred.

Bruk informasjonen her på www.stavechurch.com for å planleggja di eiga reise til våre skjulte perler!

Mot nord;

Rødven stavkirke (Møre og Romsdal fylke) ligg idyllisk til ned mot Romsdalsfjorden  med Romsdalsfjella i horisonten  Les meir…

Grip stavkirke (Møre og Romsdal fylke) ligg om lag 12 km ut i havet nordvest for Kristiansund.  Les meir…

Mot sør;

Eidsborg stavkyrkje (Telemark fylke) ligg ovanfor Eidsborgvatnet i Lardal.  Les meir…