Truleg vart stavkyrkjene reiste av dyktige handverkargrupper som hadde spesialisert seg på denne utfordrande byggjeteknikken.

Dei hadde kunnskap og erfaring nok til å vita kva ein kunne få ut av treet, og kva som sette grenser. Grove stokkar vart omgjorde til bygningsdelar med få og enkle reiskapar. I eit samspel mellom tradisjon og nytenking skapte handverkarane byggverk folk aldri hadde sett maken til. Den spesielle konstruksjonen i stavkyrkjene våre har stått mot regn, vind og sol i hundretals år. Borgund stavkyrkje vart innvigd for over 800 år sidan. At kyrkja er så gammal, veit me fordi alderen kan målast på årringane i stokkane. Slik kan dei ulike byggjetrinna ha gått føre seg, illustrasjonane er ved Marianne Brochman:

Stavkyrkjeveggen

Den spesielle veggkonstruksjonen er typisk for stavkyrkja. Dersom ei kyrkje har ein slik vegg, synleg eller innbygd, veit me at dette opphavleg var ei stavkyrkje. De berande stolpane blir kalla stavar. Her er opphavet til namnet stavkyrkje. Stavkyrkja er bygd på ei botnramme av sviller. Ramma er heva frå terrenget og kviler på fundamentsteinar. Veggplankane er sette ned i eit spor i botnsvilla og går opp i eit tilsvarande spor i stavlægjet.

Materialane

Stavkyrkjene er bygde av malmfuru, som har tette årringar, og har kjerneved med mykje harpiks. I middelalderen var det rikeleg med gamle, store tre i skogen. Dei gav framifrå trevyrke.

Reiskapene (skjøve, navar, øksa)

Tradisjonshandverkar Hans Maarumsrud – Borgund stavkyrkje besøkssenter (Foto: Håkon Li)

 

Øksa var den viktigaste reiskapen. Ho vart brukt både til å fella treet og når ein skulle hogga til tømmerstokkane. Med skjøven vart overflata på tømmerstokken jamna ut. Han vart og brukt på stader der dei ikkje kom til med øks. Navaren brukte dei til å bora hol for dimlingane, det vil seia trenaglane som heldt bygningsdelane saman.