Det er ikkje tvil om at det er krevjande for eigarane å halde stavkyrkjene vedlikehalde. På 1990-talet synte det seg at mange av kyrkjene diverre var prega av mangel på vedlikehald og var i dårleg stand.

Riksantikvaren såg det naudsynt å starta eit eige Stavkyrkjeprogram, og dette tok til i 2001. Målsettinga for det nasjonale programmet var tredelt:

  • å setja i stand stavkyrkjene slik at dei kunne bli bevart for ettertida
  • å konservere dekoren og kyrkjekunsten
  • å supplere dokumentasjonen av stavkyrkjene som grunnlag for forsking og rekonstruksjon av tapte delar

Dette ambisiøse programmet vart gjennomført i åra mellom 2001 -2015, og har samla kosta Staten omlag kr 130 millionar kroner. Dei mange deltakande handverkarane i programmet har òg fått opparbeidd seg mykje kunnskap om tradisjonelt bygningshandverk, så no har det heldigvis vorte langt fleire handverkarar som kan desse teknikkane. Det vil skape større lokal verdiskaping når stavkyrkjene skal vedlikehaldast i framtida.

Arbeidet i programmet har vore godt dokumentert med fotografi og rapportar. Det har vore gjort supplerande oppmålingar og dokumentasjon. Arbeidet har kravd ei varsam og analytisk tilnærming for å unngå at unødige skader skulle oppstå. Målet har vore å ta vare på mest mogleg av dei originale delane. Stavkyrkjeprogrammet har dermed òg gjeve godt grunnlag for forsking – om stavkyrkjene særskilt, men òg om kulturminne og handverkstradisjonar generelt. Vil du vite meir om stavkyrkjeprogrammet, så er det gjeve ut ei eiga bok om dette store og omfattande arbeidet: Kristin Bakken (red.): Bevaring av stavkirkene. Ho finst på også i engelsk utgåve.