Den siste istida enda for ca 10.000 år sidan, og Noreg si historie dekker perioden frå dei fyrste menneska kom til landet og fram til vår eiga tid.

De tidlegaste spora etter menneskelig busetnad i Noreg er frå steinalderen, som byrja rundt 9.000–10.000 før vår tidsrekning.

800 – 1030
Vikingtid

Ca. 890
Harald Hårfagre ”samlar Noreg” til eitt rike

1030-1537
Mellomalderen – Den katolske kyrkje

1030
Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad. Olav vart kjend heilag året etter.

1152
Noreg blir eigen kyrkjeprovins under paven i Roma

1263
Magnus Håkonsson Lagabøte («lovmakar») blir konge. Han fullfører ei samla landslov for kongeriket.

1319
Noreg og Sverige får felles konge, og unionstida tek til

1349
Svartedauden, ein smittsam byllepest, kjem til landet og riv bort kanskje 50 % av innbyggjarane

1397
Kalmarunionen, ein personalunion mellom kongerikene i Danmark, Norge og Sverige som vart danna i 1397 og oppløyst i 1523.

1537
Reformasjonen
Den katolske erkebisp Olav Engelbrektsson rømmer frå landet. Kong Christian III innfører luthersk statskyrkje.
Bibelen vart omsett og trykt. Kyrkja fekk vindauge for at folk skulle kunna lesa salmar og tekst.

1814
Norge fekk sin eigen grunnlov den 17.mai på Eidsvoll.
Suvereniteten over Norge vart overført frå Kongen av Danmark, til Kongen av Sverige

1905
Oppløysning av unionen med Sverige
Stortinget vel Prins Carl av Danmark til Kong Haakon VII av Noreg